Den norske kirkes julekalender

13. desember 2015Nyhende

Den norske kirke har ein fin julekalender i år – der dei har utfordra ulike norske forfattarar til å skrive ein tekst med utgangspunkt i juleevangeliet. Eg har skrive luke 12 – Maria fortel – som du kan lese her.

Dikt til A-magasinets Paris-utgåve

10. desember 2015Nyhende

  Fredag 20. november hadde A-magasinet eit spesialnummer i kjølvatnet av Paris-terroren. Til dette hadde eg skrive diktet Etterpå. I etterkant fekk eg ein overveldande respons. Rørande at eit enkelt, lite dikt faktisk kan vere med å gi folk håp i ei vanskeleg tid.10

Juledikt på TVen

9. desember 2015Nyhende

Kyrkjegard, julekveld, igjen og igjen er eit dikt eg har skrive til det vakre juleheftet Juleroser, med Herborg Kråkevik som redaktør. Her kan du høyre meg lese diktet på Vestre Aker kirkegård i Oslo, som eit innslag i programmet Selskapet på NRK 2.

Vossa jazz sin julekalender – luke 8

8. desember 2015Nyhende

  Soga om Seselja kjem til Vossa Jazz 2016. Dette er førebels einaste planlagde Seselja-konsert neste år. Og eg har fått eit ekstra oppdrag. Les meir på  Vossa jazz sin julekalender – der me er luke 8.