Verdas første Erlend Loe-dikt

24. mai 2016Nyhende

Heldige meg har fått intervjue Erlend Loe på scenen to gonger siste året – i Odda og i Skien. Så fjetra blei eg av den kule og kloke herr Loe, at eg laga eit dikt om han, Andreas Doppler og elgen Bongo. Det blei sendt på Salongen på P2 i dag – på det som viste … Read More

Terningkast 6 til Mensen-antologien

22. mai 2016Nyhende

Gyldendal Norsk Forlag har gitt ut ein antologi om Mensen – som halvparten av folket har, men som nesten ingen snakkar om. Allereie før boka kom ut, fekk den terningkast 6 av Guri Hjeltnes i VG. Masse flinke damer har skrive og teikna – eg er superstolt over å få vere med!

Per och Maj, Maj och Per

20. mai 2016Nyhende

I dag har eg eit nytt dikt i Salongen på P2 i dag – denne gongen  om det legendariske krimparet Sjöwall & Wahlöo – dei som på mange måtar var nordic noirs mor og far. Diktet kan du høyre her – eller lese under. God helg!  –               SJÖWALL OCH WAHLÖÖ, MAJ OCH … Read More

Urpremiere på Sigd – ein poetisk konsert

14. mai 2016Nyhende

alt det skal gå godt med / lyt gjerast på veksande måne  står det ein stad i Sigd, den nye boka mi, som kjem i august. Av og til kjem konserten før boka – og fredag 13. mai hadde den fantastisk flinke Benedicte Maurseth (hardingfele og vokal) og eg urpremiere på poesikonserten Sigd i Gamle Eidfjord kyrkje. … Read More

Dikt til opninga av Hardanger musikkfest 2016

12. mai 2016Nyhende

Ah! Lese på opninga av Hardanger musikkfest 2016 med Bergen filharmoniske orkester i bakgrunnen. STAS! Biletet syner dei to strålande musikkfestgeneralane, Tora og Therese, som syng Mellom bakkar og berg med fullt orkester til. Her er min tekst for dagen: kvirretikvitre seier det i trea klirretiklirr eier det i søljene

Nytt Salongen-dikt

4. mai 2016Nyhende

Her kan du høyre mitt nye Salongen-dikt, om våren – eller du kan lese det her: vi ser det no ser at det er noko på gang noko som ikkje vil vente lenger ikkje la seg trykkje ned eller dekkje over noko som vil opp og fram