God sommar!

4. juli 2016Nyhende

Puh! Etter ein travel vår og ditto sommar, der eg har jobba på fire bøker samstundes, vore festspeldiktar på Dei nynorske festspela, spelt tre Sigd-konsertar saman med den fantastiske Benedicte Maurseth pluss ein heil del anna, har eg gått inn for landing i heimlandet barndom.