Vekas bok: Er hun din? av Nils-Øivind Haagensen

29. august 2016Nyhende

Framover har eg lyst å tilrå bøker som gjer inntrykk på meg – og har eit forsett om ei tilråing i veka (så gjenstår det å sjå om eg klarar leve opp til det). Først ut er Nils-Øivind Haagensens Er hun din? Ei nydeleg bok om venskapen mellom ein mann i førtiåra og ei seks … Read More

Sagene litteraturfestival laurdag 3.9

29. august 2016Nyhende

Gjett om eg gler meg til laurdag 3.9 – då skal eg bli intervjua av sjølvaste Christan Kjelstrup, mannen bak Uroens bokhandel og Uroens kokebok. Eg blir intervjua i same programpost som ein av dei flinkaste forfattarane eg veit om, Geir Gulliksen. Arrangementet inngår som ein del av Sagene litteraturfestival, på søte, vesle Sagene bok … Read More

Finfin melding til Eg er eg er eg er på Barnebokritikk.no

29. august 2016Nyhende

Blei veldig glad for denne fine meldinga på Barnebokkritikk.no. Takksam for slike gode, grundige lesingar! Meldar Katrine Kalleklev skriv blant anna: «Det er lett å anbefale denne boka. Diktene er vakre og mesterlig skrevet. De flotte illustrasjonene spiller på lag med diktene og skaper oversikt. Boka kan fungere som en trøstebok når man er på vei … Read More

Sigd på Diktafon

22. august 2016Nyhende

Nylig fekk eg – med Sigd under armen – gjeste Annelita Meinich og hennar Diktafon på P2 – det er alltid hyggeleg. Programmet som kom ut av besøket blei sendt på radio laurdag 20. august – og du kan høyre det her. 

Sesongens to første Salongdikt

22. august 2016Nyhende

Torsdag 18.8 hadde eg fått æra av å skrive eit brev til sjølvaste Agnes Ravatn – frå smarttelefonen hennar. Høyr det her! Og dagen før sesongdebuterte eg med eit seinsommardikt – det kan du høyre her.  

Fin mottaking for Sigd

14. august 2016Nyhende

Her er nokre smakebitar frå dei meldingane som har kome til no: “Fortjener en fullsatt bybane av lesere […] Så klanglig, så godt orkestrert, og så vakkert at den oppleves som helstøpt.” skriv Silje Stavrum i Bergens Tidende «Store temaer behandles klart og klanglig …Endres liv blir ikke lett, og Lillegraven formidler med overveldende gehør og … Read More

To meldingar til Eg er eg er eg er

14. august 2016Nyhende

  Eg er eg er eg er er mi første diktbok for barn, og har no fått to gode meldingar. «Tilgjengelig og sjarmerende om jenta med vilt hjerte … Naturbildene, rim, og gjentakelser av ord og strofer gjør diktene rytmiske og lette å lese,» skriv Maya Troberg Djuve i Dagbladet, og gir boka terningkast 5. … Read More

Intervju i Vårt land

11. august 2016Nyhende

Eg har blitt intervjua om dei to nye bøkene mine i fleire aviser, men berre intervjuet i Vårt land ligg gratis ute – det kan du lese her om du vil.