Disse dagene, dette livet. Dikt vi har sammen

28. september 2016Nyhende

Tordis Ørjasæter og eg har fått velje dikt til antologien «Disse dagene, dette livet» – ein diktantologi om ja, nettopp, livet. Om å vere barn, få barn, om å møte kjærleiken – men også om kvardagane, om det å vere ein del av verda, om sorg og død. 150 gamle og nye dikt. Ei flott … Read More

Lillegravenførelesinga på Litteraturhuset

23. september 2016Nyhende

Laurdag 24.9 klokka 14.00 held eg den såkalla Forfattarførelesinga på Litteraturhuset. Etter mykje grubling veit eg no  sånn nokolunde kva eg skal snakke om. Det blir nokså mykje om tid, forgjengelegheit, skog, gode vener, balansen mellom støy og stille, stemmene inni – og litt om husarbeid, Internett og anna elende. Og Olav H. Hauge har snike … Read More

Vekas bok: Mattis Øybø: Elskere

14. september 2016Nyhende

Mattis Øybø er ikkje berre ein fantastisk forlagsredaktør på Tiden Norsk Forlag – noko som mellom anna har kome meg til gode, han er også forfattar. Han debuterte i 2003 med Alle ting skinner, ein roman eg hugsar gjorde sterkt inntrykk på meg. Denne veka lanserer han sin fjerde roman – den første på sju … Read More

Hjelp, eg skal på TV

14. september 2016Nyhende

Etterkvart har eg fått ein del erfaring med å stå på scenen, lese dikt, samtale om skrivinga mi. Det skal eg sundag 18. september også. Men denne gongen skal det sendast på NRK TV – som ein del av maratonsendinga Dikt og forbannet løgn. Og jada, eg innrømmer at det er med ytterst skrekkblanda fryd eg ser … Read More

Vekas bok: Monica Isakstuens Vær snill med dyrene

8. september 2016Nyhende

Sjeldan har eg lese noko meir drivande, sugande, slåande, rått og direkte enn Monica Isakstuens nye roman Vær snill med dyrene, som kjem ut neste veke. Ein roman som framfor alt handlar om det å dele eit barn. Men også om kjærleik, sorg, sinne. Alt fortalt i eit skinande, glasklart språk.

Straks: Ulvik poesifestival

8. september 2016Nyhende

I morgon startar Ulvik poesifestval. Programmet kan du lese her. Eg skal bådepå skulebesøk, lese opp, leie ein samtale og delta i ein samtale. Og mest av alt: eg skal vere publikum, ta inn poesi, musikk og natur. Gler meg! Dette biletet av Haugesenteret på kaien i Ulvik er teke av festivalsjef Per Magnus Finnanger Sandsmark.