Dikt til Camilla Stoltenberg på Salongen

31. januar 2017Nyhende

Folkehelsedirektør Camilla Stoltenberg var nylig gjest på Salongen i P2. Der snakka ho blant anna om snø, om gutane som sakkar akterut i det norske samfunne og om levealderen som stadig aukar. Ho snakkar også om Det rullande gymnas, om Nini og om Karin. Blant anna. Her kan du høyre kva ho snakka om – og diktet eg … Read More

Fantastisk lesning av Sigd på Det Norske Teatret

26. januar 2017Nyhende

Førre veke var det to lesningar frå Sigd på scene 3 på Det Norske Teatret i Oslo, med Gard Skagestad, Ingeborg S. Raustøl og Morten Svartveit. Forfattaren sjølv tykte det var ei stor oppleving begge gongene. Her kan du lese kva Vidar Kvalshaug skreiv om førestillinga i ein kommentar i Dagsavisen. 

Litteraturhuset i Bergen 4 år

6. januar 2017Nyhende

31. januar feira Litteraturhuset i Bergen heile 4 år. Eg tok toget fram og tilbake over fjellet (biletet er teke på veg tilbake) for å vere med på feiringa – og lese.  Eg las tre dikt frå Eg er eg er eg er – og eit spesialskrive bursdagsdikt, som dei som vil kan lese under her.Eller du kan … Read More

Lesning av Sigd på Det Norske Teatret

3. januar 2017Nyhende

17. og 20. januar skal Sigd lesast opp på Det Norske Teatret. Gard Skagestad, Morten Svartveit og Ingeborg S. Raustøl skal lese. Det heile skjer på scene 3 – les meir her. 

Intervju på Framtida.no

3. januar 2017Nyhende

Framtida.no var på Falturiltu i november og intervjua meg der. No er intervjuet lagt ut. Det handlar om alt frå diktanalyse til taleskriving. Du kan lese det her. Og nei, det er ingen openbar samanheng mellom intervjuet og biletet – for dei som måtte lure.