Sigd seld til 4 land!

27. juni 2018Nyhende

Sigd ut i verda på 4 språk! Til hausten kjem diktsamlinga mi Sigd (2016) på engelsk og spansk. Den franske utgåva er venta neste vår medan Azul Press i Nederland nettopp har kjøpt boka. Stas at den no skal kome ut på nederlandsk, det opprinnelege språket til mor mi. Forfattaren sjølv synst det er rørande at boka … Read More

Eg er eg er eg er: Gratis kor-konsert i Oslo og Bergen 7.7 og 9.7

27. juni 2018Nyhende

7.7  kjem Los Angeles Children Chorus til Bergen, to dagar seinare til Oslo. Dei skal syng litt forskjellig, men blant anna Therese Birkelund Ulvo (biletet) sitt nyskrivne verk I am I am I am – med tekstar frå barnediktboka mi, Eg er eg er eg er. Her kan du lese meir om Oslo-konserten. 

Cally: nye førestillingar til hausten og Hedda-nominasjon

24. juni 2018Nyhende

Stor stas! Houvdrolleinnehavar Ingeborg Sundrehagen Raustøl var ein av tre nominerte til Heddaprisen, beste kvinnelege hovudrolle. Ho vann ikkje – men knallsterkt å vere nominert. OG: i september og oktober blir det seks nye Cally-førestillingar – les meir om dei på Det Norske Teatrets heimeside.