Dikt til opning av Kulturbanken i Granvin 17. mars

Biblioteket i Granvin var ein svært viktig del av barndommen min. Utan det trur eg ikkje eg hadde vore forfattar i dag. Difor var det utruleg fint å få lov å lese på opninga av den flotte nye Kulturbanken i Granvin – der biblioteket no har fått plass. Her er diktet eg skreiv til opninga.

FRÅ KISTA TIL KVELVET

først var det presten

som styrde over folkeboksamlinga

berre ei kiste var det, ei einaste kiste

full av skattar, ja, det var andre tider, så

gjekk dagane og vekene og månadene og

åra, måne i ny og måne i ne, trea blei gule

og kvite og grøne, så gule att, no er det nye

tider, siste skipet er segla, siste toget er gått

og kista har blitt til eit heilt eige hus, ein heil

bank, her er det theresa som styrer, stablar og

sorterer, slik olav h. hauge ein gong stabla og

sorterte sine grøne eple, for grøne eple er

trass alt betre enn inkje og det gjeng an

å leva i kvardagen òg, det lyt me hugse

og det hugsar me, ja, er det noko me

hugsar her i draumfagre bygdi

så er det det

mange er det som har tenkt og

organisert, planlagt og prosjektert

lempa og løfta og måla og montert, og

slik små larver faldar seg ut frå kokongen

slik bøkene i den gamle brune kista ein gong

sverma ut og blei til fleire og andre bøker, slik

svermar orda no opp av bøkene og bøkene ut

av kassane dei har lege i det siste året

og det er nye tider no, det er

elektroniske tider, men framleis er

bøkene skattar, små skattar på flyttbare

reolar, snart hit, snart dit, for eit rom i rørsle

skal det vere, nytt og moderne skal det også vere

musikk skal det vere, musikk og ord, hand i hand, slik

skal det vere, og aviser og tidsskrift skal det vere, ein stad

for dei minste og dei unge, ein stad for dei gamle og dei midt

mellom, for lag og organisasjonar, alle skal dei kunne kome og

gå som dei vil, kunne låse seg inn og ut av banken, tenk det! inn

og ut av det store rommet med det grøne kvelvet, rommet som

nesten alltid skal vere ope, så blir det lettare å leve – også

i kvardagen, for dette er eit magisk rom, herfrå kan du

reise til all verdas stadar og tider, du kan leve kva

liv du vil, kvar du vil, når du vil, så opne boka no

opne kista og kvelvet, opne bøkene og banken

– og til lukke!

DIKT AV RUTH LILLEGRAVEN

 

TIL OPNINGA AV KULTURBANKEN I GRANVIN

17.03.2015