bekkeblom-1024

Min skrivehistorie: Bror ballblom i skogen

I haust kom boka Skrivehistorier på Flamme forlag. Der fortel ei lang rekkje norske forfattar om si skriving. Morosame, triste, desperate og inspirerande små forteljingar. Sjølv skreiv eg om korleis ein gul blom i skogen fekk meg til å skrive Urd. Teksten får du her: 

I januar 2011 kom min hittil einaste roman, Mellom oss, ut. Den hadde eg arbeidd med i fem-seks år, og no når han endeleg var ute, var eg litt i villreie. Kva skulle eg no gå i gang med? Skrivelysta var der, og eg hadde nokre gamle dikt eg putla litt med innimellom, men det blei liksom ikkje heilt dreis på det. Kva skulle vere tematikken, den raude tråden, ”handlinga” …? Så ein dag var eg ute og gjekk i skogen i mitt nye nabolag. Eg har alltid elska skogen, og søkt til han heilt frå eg var lita jente. Skogen får meg til å føle meg rolig og trygg. Så også denne dagen. Pulsen steig, og humøret steig. Eg gjekk og gjekk. Stiane snirkla seg av garde mellom trea. Då såg eg plutseleg dei gulaste, gladaste blomar på sida av stien. Eg hugsar eg tenkte i det same: ballblom. Ei lita stund blei eg ståande og studere dei gule blomane. Så gjekk eg vidare. Men blomane var med meg. Ballblom, ballblom, ballblom song det inni meg. Og så, frå ingen stads, kom dei to orda bror ballblom til meg.

I løpet av turen hadde starten på ei lita forteljing kome til meg. Ei forteljing om ei lita jente for lenge sidan, truleg på starten av 1900-talet, ei lita jente som får ein høgst etterlengta liten babybror, ein odelsgut som får namnet Johannes, men som dei kallar bror ballblom. Ein liten bror som skapar stor glede i familien. Til han blir sjuk og døyr. Bror ballblom døyr. Kanskje har jenta sjølv også vore sjuk, kanskje er det ho som smittar han. Kanskje kjem det aldri noko nytt søsken. Kanskje blir dette ei sorg som pregar familien, og jenta.

Dette blei starten på den delen av diktboka Urd (2013) som heiter «Soga om Seselja«, og som handlar om det oppdikta livet til Seselja, som levde frå 1897 til 1975, på Vestlandet ein stad. Eit tilsynelatande stilleståande og kanskje litt einsamt liv, men samstundes rikt, fordi Seselja finn så mykje glede i naturen, i arbeidet sitt, i katten sin etc. Det gjekk relativt raskt for meg å skrive dei fleste dikta om Seselja når eg først hadde fått starten ”ned i fanget”. Eg skjønte at Seselja skulle vere sydame, at ho skulle bu åleine, aldri få barn, aldri reise nokon stad. Alt fall liksom på plass for meg ut frå dette med ”bror ballblom”, også stemma og tonen i «Soga om Seselja». Eigentleg har noko liknande ikkje skjedd meg verken før eller sidan, og dess lengre tid som går, dess meir magisk blir opplevinga for meg, særleg sidan eg alltid har følt – med rette eller urette – at eg ikkje har nokon rik fantasi, at det er eit problem for meg som forfattar, noko eg må jobbe med.

Det gjekk bra med Urd, boka blei eit lite gjennombrot for meg, og vann blant anna Brageprisen. Dei fleste meldarar og lesarar framheva «Soga om Seselja» som den delen av boka som greip dei mest. Det hender eg tenkjer: Kva hadde skjedd om eg ikkje gjekk tur i skogen den dagen, om eg ikkje såg den gule blomen? Ville Seselja aldri ha kome til meg då? Ville Urd blitt ei heilt anna bok? Ville alt vore annleis då? Det får eg aldri svar på. Men i tunge stunder tenkjer eg på den gule blomen og veit at det er mogleg. Det kan skje igjen. Sidan fann eg forresten ut at det ikkje var ein ballblom eg hadde sett. Det var ein bekkeblom. Men gul var han. Gul som berre det.