Mitt museum: Henie Onstad kunstsenter

Ein artig ting med å vere forfattar er når ein blir utfordra til å skrive om heilt andre ting ein vanlegvis skriv om. I haust spurde Aftenposten K om eg ville skrive for dei om mitt forhold til eit sjølvvald museum. Eg valde Henie Onstad kunstsenter – og her er teksten slik den

«Hausten 1997 var eg nesten nitten år, og ny i hovudstaden. Oslo var herleg, men eg lengta likevel heim til Hardanger, til mor og far, fjell og fjord. Heldigvis hadde eg ein grandonkel på Høvik, som inviterte til sundagsmiddagar og spaserturar – og Frida Kahlo-utstilling på Henie Onstad kunstsenter. Eg hugsar at eg blei litt ille til mote av sjølvportretta der Kahlo hadde underlivet gjennombora av stål og diverse annan elendigheit etter ei skjebnesvanger bussulukke. Stakkars Frida, tenkte eg, men tykte også det blei litt vel intimt, særleg med tanke på kven eg var der saman med. Men grandonkelen på 80 år let seg – naturleg nok, tenkjer eg no – ikkje affisere i det heile, og etterkvart tok eg det roligare, eg også. Då eg gjekk derfrå hadde eg min første kunstplakat, eit klassisk Frida-sjølvportrett frå 1945, under armen. Plakaten flytta sidan rundt med meg, blei skrukkete og slitt. På eit eller anna tidspunkt fekk eg han ramma inn. No heng han rett ved hovudet mitt her eg sit og skriv, på kontoret mitt i den gamle skulebygningen på Bærums verk.

Ho som hadde gitt namn til Henie Onstad kunstsenter, Sonja Henie, vann ikkje berre 3 OL-gull i kunstløp. Ho var også ein av Hollywoods best betalte skodespelarar, kjent for sitt glamorøse ytre, med diamantar, perler og pelsar. I 1955 møtte ho skipsreiar og kunstsamlar Niels Onstad, og oppbygginga av ei stor kunstsamling blei ekteparet store felles lidenskap. På byrjinga av 1960-talet stod dei for den største private donasjon av kunst i Noregshistoria, og i 1968 opna Henie Onstad kunstsenter i skogkanten ved sjøen på Høvikodden.

Like før 2. verdskrig, medan Sonja Henie slo gjennom som filmstjerne, jobba Kurt Schwitters på spreng med sitt seinare så berømte kunstverk Merzbau. Schwitters var ein av dei mest banebrytande kunstnarane på 1900-talet, dreiv med både collage, lydpoesi, arkitektur, måleri og typografi, og er aller mest kjent for å ha skapt si heilt eiga kunstretning – Merz. Å merze var å oppheve grensene mellom kunstartane, mellom det meiningsfulle og det banale, mellom kunsten og livet. Sjølv sa Schwitters: «Merz skaper sammenhengar, ideelt sett, mellom alle ting i denne verden.»

Merz fekk sitt høgdepunkt i Merzbau, installasjonar som fylte heile rom. Den første Merzbau blei bygd opp i Kurt Schwitters leilegheit i heimbyen Hannover i Tyskland. Denne første Merzbau var stor og kvit og taggete, likna mest eit isslott og var bygd av restar og søppel som Schwitters hadde samla. Det var over førti grotter, mellom anna ei kjærleiksgrotte og ei lystmordargrotte, mange var så tildekte at det knapt var nokon som hadde sett dei. Merzbau var som eit anna univers, der ingenting var opplagt og alt lov. Å smelte saman arkitektur, skulptur og maleri i ei større eining var Schwitters store draum. Kunsten skulle vere ein katedral, og Merzbau i stadig endring, slik livet sjølv alltid var det. Då Schwitters måtte rømme landet, hadde Merzbau spreidd seg til åtte rom og vakse opp gjennom taket på loftet og ned under kjellaren. Etter bombinga under krigen var det berre restar att. I Noreg laga Schwitters ein versjon på Lysaker og ein på Hjertøya i Romsdal. Etter krigen prøvde han å lage ein versjon i ein låve i England. Men ingen av desse kopiane blei så storslåtte og vellukka som Hannover-versjonen.

Då eg var tilbake på Henie Onstad kunstsenter hausten 2009 flirte den då ganske ferske kjærasten min av kor oppslukt eg blei av Schwitters-utstillinga. Særleg Merzbau-installasjonen – ein rar og surrealistisk sak ein kunne gå inn i – fann eg magisk og nærast besettande, utan heilt å kunne forklare kvifor. Denne utstillinga var den første større mønstringa av Schwitter sin kunst her i hans andre heimland, men sidan blei det laga eit permanent Schwitters-rom på Høvikodden, og i dag har Henie Onstad den største samlinga av Schwitters-kunst utanfor Tyskland. Schwitters og hans Merz sette også varige spor hos meg, eller i alle fall i ei av bøkene mine. Så opptatt blei eg nemleg av utstillinga på Henie Onstad at eg måtte skrive Schwitters og hans Merzbau inn i generasjonsromanen eg streva med å skrive på den tida, Mellom oss (2011). Der skal arkitekten Max på femtitalet teikne eit høgfjellshotell ein stad på Vestlandet. Han er svært inspirert av Schwitters, og prøver leggje inn små Merz-element i den elles strenge og stramme funkisstilen. Eg var sjølv nokså nøgd med denne Max og hans fascinasjon for Schwitters, og eigentleg litt skuffa over at ingen av kritikarane la merke til dette fiffige grepet då boka endeleg kom ut.

Åra gjekk. No bur eg i Lommedalen. Kjærasten har ført med seg fire barn – to bonusbarn og eit eigenprodusert tvillingpar – og mindre tid til museumsutflukter. Ja, faktisk hugsar eg ikkje sist eg var på Henie Onstad, kunstsenteret som liknar eit slags romskip der det ligg blant furutrea, med sin eigen kyststi rett utanfor døra. Ei dør som, når eg tenkjer meg om, ligg berre eit kvarters køyretur unna kontoret mitt. Kvifor er det då så lenge sidan eg har vore på Henie Onstad? Nei, det fristar ikkje å dra i helgene med to treåringar på slep, uansett kor bra det måtte vere for ungar å møte kunsten. Men arbeidsdagane mine styrer eg trass alt sjølv. Har ikkje tid, må jobbe, tenkjer eg, før eg kjem på at eg stadig tek meg tid til å gå i skogen – midt i arbeidstida. Så kva er det då? Etter å ha tenkt litt meir, landar eg på at eg kanskje trur at eg må vere godt førebudd for å gå på kunstmuseum, at eg bør ha lese meg opp og dressa meg opp, vere i rett modus. Men var eg spesielt godt budd då eg opplevde Kahlo og Schwitters? Nei, eg var jo ikkje det. Så kanskje skal eg rett og slett ta meg ein tur, nett slik eg er. Kven veit, kanskje vil eg få ei ny oppleving som etsar seg fast og blir verande. Det kan skje. For å gå inn på Henie Onstad kunstsenter er i seg sjølv som å gå inn i Merzbau – ein magisk stad som ei skjør og skjønn lita stund kan kome til å endre måten du ser på verda, ei verd der alt heng saman med alt.