Artikkel om CALLY i Dagsavisen

21. februar 2018Nyhende

Eg var for første gong innom prøvane på CALLY i dag. Veldig spennande å sjå stykket få liv. Gler meg til premieren 8. mars. Dagsavisen har snakka med regissør Maren Bjørseth og meg om stykket. Her kan du lese saka i Dagsavisen

Sigd på Mammut

6. februar 2018Nyhende

No er Sigd, diktboka mi frå 2016, snart å finne på Mammut-salet til redusert pris. Bok 365 tilrår den og fire andre diktbøker på Mammut her. Håpar Endre og Abelone får mange nye vener den neste tida!

Prøvane i gang på CALLY – premiere på Det Norske Teatret 8. mars!

28. januar 2018Nyhende

8. mars er det klart for premiere på mitt første teaterstykke, Cally på Det Norske Teatret. Ikkje berre er premieren på kvinnedagen, det er eit nokså kvinneleg lag bak stykket: Maren Bjørseth på regi, Matilde Holdhus og Ingrid Weme Nilsen som dramaturgar og Ingeborg Sundrehagen Raustøl i hovudrolla som Cally. I dei andre rollene: Petter … Read More

Fin melding til gjendiktinga av Marie Lundquist dikt

10. november 2017Nyhende

Den ferske gjendiktinga av Marie Lundquists dikt, Eg og ho eg kunne ha vore, fekk i dag veldig fin omtale i Morgenbladet. Under overskrifta «Et syrlig og sørgmodig sirkusfølge» skriv Carina Elisabeth Beddari blant anna: «Døden og den ulykkelige kjærligheten skildres like surrealistisk som sorgtungt i Marie Lundquists poesi … Like fullt er Lundquists billedspråk rent … Read More

CALLY – mitt første teaterstykke!

6. november 2017Nyhende

8. mars skal mitt første teaterstykke ha premiere! Det har fått namnet CALLY – og handlar om songerinna, forfattaren og teatersjefen Cally Monrad. Ingeborg Sundrehagen Raustøl skal spele Cally Monrad, og Maren Bjørseth skal ha regi. I arbeidet med stykket har eg fått kjempegod hjelp av dramaturg Ingrid Weme Nilsen. Du kan lese meir om … Read More

Mi første gjendikting: svenske Marie Lundquist til norsk

5. november 2017Nyhende

Eg har fått lov å gjendikte eit utval dikt av den svenske poeten Marie Lundquist. Alle dikta er frå hennar tre tidlegaste diktsamlingar. Det har vore eit stor glede å gjendikte desse flotte dikta. Du kan lese meir – eller bestille- boka hos Samlaget. Her står det blant anna: «Dikta til Lundquist uttrykkjer lengt, smerte og … Read More

Klar for Falturiltu 2017!

4. november 2017Nyhende

7.-9.11 er det klar for årets siste oppdrag: då deltek eg på den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu på Stord. Eg skal lese på konsert i Stord kyrkje, besøke 3 skular med barnediktboka Eg er eg er eg er – og vere med i panelsamtale på seminaret torsdag. Og så er det alltid så hyggeleg på Falturiltu! Eg … Read More

Live-sending frå Det Norske Teatret

1. november 2017Nyhende

1. november var eg med på ei livesending frå Det Norske Teatret – der dei presenterte vårlista si. Eg fortalde om mitt nye teaterstykke, Cally, som skal ha premiere på sjølvaste 8. mars. Her kan du sjå sendinga – og få vite meir om stykket mitt  

Særs fin omtale til poesikonserten Sigd

31. oktober 2017Nyhende

Wow! Etter 12 framsyningar blir poesikonserten Sigd plutseleg anmeldt. Særs fin omtale av Nils Kvamsdal i Hordaland – lokalavisa for Voss og omegn. Han skriv blant anna «Benedicte Maurseth er ein mester. Ein meister til å lytta, ein meister til å skapa dei vibrasjonar ho fangar om til stemningar og fargar. Ho, fela og røysta … Read More