Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin
Mari og Magnus flyttar inn

Første boka i serien om Mari og Magnus, ein småbarnsserie for aldersgruppa 3‒6 år. Dette er enkle historier med gjenkjennelege tema og illustrasjonar, eit sjarmerande nynorsk alternativ til seriar som Karsten og Petra.

Mari og Magnus er sysken. Mari er fem år, og Magnus er nesten fire. I den første boka har dei nettopp flytta inn i eit nytt hus. Det står kassar overalt, og ingen finn sakene sine. Kor har for eksempel bamsen til Magnus blitt av? Mens dei leitar, kjem ein ny flyttebil til køyrande. Det er dei som skal bu i den andre halvdelen av huset, som har stått tom. Kanskje Mari og Magnus får nokon å leike med?

ISBN:9788252179811

Utgitt: 2011

Til forlaget