Særs fin omtale til poesikonserten Sigd

Wow! Etter 12 framsyningar blir poesikonserten Sigd plutseleg anmeldt. Særs fin omtale av Nils Kvamsdal i Hordaland – lokalavisa for Voss og omegn. Han skriv blant anna «Benedicte Maurseth er ein mester. Ein meister til å lytta, ein meister til å skapa dei vibrasjonar ho fangar om til stemningar og fargar. Ho, fela og røysta er eitt … Ruth Lillegraven er på si side ein meisterleg opplesar. Klårt og tydeleg ber ho fram teksten, og med enkel dramaturgi formidlar ho det dramaet som utspelar seg på småbruket mellom himmel og hav. Dei milde orda skjer som ein sigd.»  Takk til supermakker Benedicte Maruseth for all moro siste halvanna året – no sist på Voss laurdag og i Flåm sundag. Takk også til skodespelar Gard Skagestad som har hjelpt oss med regi. Om nokon vil ha oss tek me gjerne eit par konsertar i 2018 også!