nrk-p2-salongen

Salongendikt om gamle hus

I dag var Ingjerd Egeberg gjest i Salongen. Eg bidrog med eit dikt – denne gongen om gamle hus. Du kan høyre diktet på Salongens nettsider.

Eller du kan lese det her.

gamle hus
seier tikk takk

romma deira seier
tikk takk tikk takk
tikk takk tikk takk

og inni veggane
langt inni dei gamle
brune veggane, der
seier det tikke-
tikke-takke
-takke

gamle hus har levd
i mange år

gamle hus sig saman og blir
bitte litt mindre rake før dei
kremtar og rettar seg
så godt dei kan

gamle hus har sett
generasjonar kome og gå

sett stadig nye spebarn skrike
og bli reiva, bært og byssa

gamle hus har høyrt folk kjefte
og krangle for så å kysse og klemme
og deretter kjefte og krangle på ny

gamle hus har høyrt dører opne seg
og slå igjen, opne seg og slå igjen

på loftet i gamle hus ligg biblar og brev
og album, frakkar og kåper, skjørt og sko

ei dokker utan arm
ein bamse utan auge

spindelvev, støv og eit
fugleskjelett i kroken

i veggane ligg mose og
gamalt avispapir

gamle hus har husa
hundrevis av juletre

gamle hus har blitt rundvaska
hundrevis av gonger
— verre med det no

gamle hus har sett
hundrevis av vårar
kome og gå med
alt sitt irande
grøne

gamle hus har høyrt
hundrevis av haustar herje
kaste alt sitt raude og gule
mot ruta

men gamle hus ynkar seg
likevel litt — tykkjer det er blitt
for mykje vind og vatn, for mykje
haust om sommaren og for mykje
sommar om hausten — kva er det
som skjer?

gamle hus tykkjer det er rart
med stadig nye møblar, lampar
og tepper og sofaer og bord og
hyller og senger og andre greier
som lyser, det er stadig nye ting
som kjem inn, det får dei gamle
husa til å sukke og knirke
litt ekstra

gamle hus kroer seg når dei får litt stell
utan at nokon ser det krøllar dei seg saman
mel som gamle kjetter når nokon sliper og
pussar og malar og stryk med varsame
hender over gamal tømre og tynne
glasruter og sprukne takkheller

ah, sjå på meg, tenkjer dei då
er eg ikkje framleis litt vakker

glitrar det ikkje fint i rutene mine

skin det ikkje lekkert i det nye strøket
med maling, å ja? å ja?

tikk takk, seier huset då
tikk takk tikk takk
tikk takk tikk takk
seier romma

tikke-tikke-takke-takke
seier det i veggane

veggane som
mange titals barn
har teke på med små
skitne nevar, golvplankar
som hundrevis av menneske
har mista ting på, dørklinkene
slitt til dei liknar små
fuglevenger

så mange første andedrag
så mange siste andedrag

og sola stig og sola søkk
og sola snur

no blir det mørkare ute
mørkare og litt kaldare

men inne lyser lys
inne pustar peis
inne mjauar pus

ja visst, seier
det gamle huset
det blir vel ei råd
no òg