IMG_0057

God sommar!

Puh! Etter ein travel vår og ditto sommar, der eg har jobba på fire bøker samstundes, vore festspeldiktar på Dei nynorske festspela, spelt tre Sigd-konsertar saman med den fantastiske Benedicte Maurseth pluss ein heil del anna, har eg gått inn for landing i heimlandet barndom. Her i Granvin skal eg vere i to omgangar i juli, sove, lese, gå turar, bade (om varmen kjem) – og gle meg til å sleppe Sigd (dikt for vaksne) og Eg er eg er eg er (dikt for barn) rundt 5. august. No trengst berre litt betre ferievêr. God sommar til alle!