Pinsehelga hadde eg gleda av å vere med på Hardanger musikkfest. Under kan du lese diktet eg skreiv til avslutninga av festivalen, Oppskåka – eit prateprogram med dei to dyktige arrangørane Therese Birkelund Ulvo og Tora Augestad (biletet). Heldige meg hadde elles gleda av å jobbe med dyktige musikarar som Bengt Forsberg (klaver), Birgitte Christensen (sopran), Håvard Lund (bassklarinett) og Sigbjørn Apeland (trøorgel). Ei stor oppleving!
NYBROTT II
frå lofthus
til kinsarvik
til eidfjord
til agatunet
til tyssedal
odda og
jondal
hit og dit
over humpete veg
og ruskete fjord
fram og tilbake
fram og tilbake
og vêret skiftar
og blir sol, og vêret
skiftar og blir skodde
og vêret skiftar og blir
regn – mykje regn
er deildo open?
thats the question!
når går eigentleg ferja?
kven køyrer hit? – og
kven køyrer dit?
vel – nokon køyrer!
nokon køyrer eit orgel
nokon køyrer eit kor
nokon kokar kaffi
og nokon lagar mat
nokon lagar cider
nokon lagar eplesaft
og nokon passar
festivalpoetens barn
blir klemt og kyssa og
klappa på rompa – igjen
og igjen
ja, kva var vel
musikkfesten utan
ein frende eller tre –
utan gisle, marita
kjetil og dei åtte
ungane
tidleg oppe og seint i seng
minutt på minutt, baguett på
baguett, mil på mil, i gul trøye
med hovudet så vidt over
fjorden
og så er det tora og therese
ragnhild, alf magnus og kari
heile året organiserer
programmerer og
komponerer dei
for berre slik
kan tonane klinge
mellom fjella
klavertonane
klarinettonane
orgeltonane
sopran- og
tenortonane
og stian spelar
bengt og ingfrid
håvard og sigbjørn
frank og ingeleiv
alle spelar
og birgitte syng
og sigrid syng
og tora sings
dei syng på
svensk, på norsk
på tysk og på engelsk
og så er det orkestra og
koret, sjølve hovudpulsårene
det er mange som spelar
mange som syng
stadig nye konstellasjonar
stadig nye improvisasjonar
stadig nye nybrott
det er rare hattar og rare dikt
det er fine flasker og fabelaktige
bunader
dagane er lange, nettene korte
det er 2017, det er vårt nabolag
det er hardanger, det er musikkfest
men snart er det 2018
snart er det
natur og endring
noko stansar her
noko stansar no
men langt meir
byrjar her
byrjar NO!