Vekas bok: Monica Isakstuens Vær snill med dyrene

8. september 2016Nyhende

Sjeldan har eg lese noko meir drivande, sugande, slåande, rått og direkte enn Monica Isakstuens nye roman Vær snill med dyrene, som kjem ut neste veke. Ein roman som framfor alt handlar om det å dele eit barn. Men også om kjærleik, sorg, sinne. Alt fortalt i eit skinande, glasklart språk.

Straks: Ulvik poesifestival

8. september 2016Nyhende

I morgon startar Ulvik poesifestval. Programmet kan du lese her. Eg skal bådepå skulebesøk, lese opp, leie ein samtale og delta i ein samtale. Og mest av alt: eg skal vere publikum, ta inn poesi, musikk og natur. Gler meg! Dette biletet av Haugesenteret på kaien i Ulvik er teke av festivalsjef Per Magnus Finnanger Sandsmark.