Winje agency – mitt nye agentur

7. november 2016Nyhende

Eg har fått meg litterær agent – det er stor stas. Gina Winje har i haust starta opp Winje Agency. Ho har tidlegare mellom anna jobba i Aschehoug Agency og vore direktør for Norla. Jon Fosse og eg er hennar to første forfattarar – for eit selskap! Eg er stolt over å få vere med Gina … Read More

Klar for Faltiriltu

7. november 2016Nyhende

Denne veka skal eg for første gong delta på den sagnomsuste barnebokfestivalen Faltiriltu på Stord – som har eit rikhaldig program for barn og unge – og også litt for vaksne. Eg skal lese frå Mari og Magnus-serien i to barnehagar, eg skal lese frå Eg er eg er eg er i tre skuleklassar, eg … Read More

Fantastisk melding til Sigd i Dag og Tid

4. november 2016Nyhende

Dag og Tids lyrikkmeldar Sindre Ekrheim har meldt Sigd – og det er ei på alle vis veldig god melding: «Gjennom å byte synsvinklar, by på ei variert typografisk utforming, ved å veksle mellom rytmiske diktsekvensar og prosastykke der indre monologar vert presenterte, lagar Lillegraven ein mangslungen mosaikk der natur, historie og livssoge vert vovne … Read More

Beathes bokblogg omtaler Å lytte til hakkespetter

2. november 2016Nyhende

Bokbloggaren Beathes bokhjerte har skrive om Å lytte til hakkespetter. Naturen som terapi – ei bok som har blitt til i samarbeid mellom Modum Bad og Dinamo forlag, og der eg har hatt gleda av å bidra med i alt 7 intervju. På bloggen sin skriv Beathe Solberg blant anna: «Det var fascinerende og godt … Read More

Eg er eg er eg er nominert til Brageprisen 2016

2. november 2016Nyhende

Eg er eg er eg er er nominert til Brageprisen i klassen for beste barne- og ungdomsbok! I grunngjevinga si skriv juryen: «Den energiske, sansande og undrande barnestemma er ein gjennomgåande kvalitet i dikta, som formidlar sterke kjensler knytt til identitet, uro og endring. Årstidene ordnar dikta i fire syklusar, som skaper samanheng og framdrift … Read More