Sigd kom også med på Dagsavisens oppsummering av årets beste bøker. Kristian Wikborg Wiese skriv følgande om boka: «Vakkert og lyrisk, enkelt og likevel komplekst om et liv slik det kan ha artet seg. Lillegraven skriver fram bygda og naturen på en så levende måte at man nærmest lukter gress og løv, kjenner varmen fra … Read More
Month: desember 2016
Sigd blant meldarane sine favorittar både i VG og Dagbladet
No er det høgsesong for kåring av årets favorittar blant litteraturmeldarane i avisene. Eg blei glad då eg oppdaga mi eiga bok, Sigd, blant favorittane til både Guri Hjeltnes (VG) og Maya Troberg Djuve (Dagbladet). «En vakkker diktsamling med korte, bratte verselinjer nedover og oppover idene bringer leseren fremover i det vestlandske landskpaet, i en … Read More
Dagsavisen skriv om Disse dagene, dette livet
Dagsavisen har laga sak om haustens fire nye diktantologiar, og særleg om Disse dagene, dette livet. Dikt vi har sammen som Tordis Ørjasæter og eg har redigert saman. Her fortel me om arbeidet med antologien, om kva dikt det var lette å finne – og kva dikt det var noko vanskelegare å finne. Heile saka … Read More
Siste Sigd-konsert for i år overstått
Sundag 27. november avslutta Benedicte Maurseth og eg Sigd-turneen for i år. No har vår vesle, poetiske konsert vore i Eidfjord, Odda, Hovdebygda, Ulvik, Bergen, Sandane, Dale i Sunnfjord og Jølster sidan midten av mai. Dei tre siste konsertane gjekk av stabelen siste helga i november. No tek me lang juleferie, faktisk heilt til 22.mars … Read More
Lite utdrag frå Sigd på Youtube
Tiden Norsk Forlag har fått laga fine små videoar med haustens forfattarar. Her er eit ørlite utdrag frå prologen i Sigd, siste halvdel. Det er forfattaren sjølv som les, som det heiter. Klippet kan du sjå her. Og heile prologen kan du lese her: ALL DENNE STEINEN alt fell i fjorden himmelen fjella, lyset blått … Read More