Wow! Etter 12 framsyningar blir poesikonserten Sigd plutseleg anmeldt. Særs fin omtale av Nils Kvamsdal i Hordaland – lokalavisa for Voss og omegn. Han skriv blant anna «Benedicte Maurseth er ein mester. Ein meister til å lytta, ein meister til å skapa dei vibrasjonar ho fangar om til stemningar og fargar. Ho, fela og røysta … Read More
Month: oktober 2017
Salongendikt om gamle hus
I dag var Ingjerd Egeberg gjest i Salongen. Eg bidrog med eit dikt – denne gongen om gamle hus. Du kan høyre diktet på Salongens nettsider. Eller du kan lese det her. gamle hus seier tikk takk romma deira seier tikk takk tikk takk tikk takk tikk takk og inni veggane langt inni dei gamle brune … Read More
Barnediktboka Eg er eg er eg er på internasjonal liste
Hurra! Barnediktboka mi, «Eg er eg er eg er» er valt ut til Internationale Jugendbibliotheks liste The White Raven over det dei meiner er dei beste barne- og ungdomsbøkene internasjonalt. Bøkene blei presentert på bokmessa i Frankfurt. Måtte det bety at boka får fly med ravnen ut i verda! Gratulerer også til Mari Kanstad Johnsen som har … Read More
Salongendikt til Tordis Ørjasæter
Mi fantastisk fine veninne Tordis Ørjasæter (90) er aktuell med ny bok, Kjærligheten har sitt eget språk. Fredag var ho i Salongen på P2 for å snakke om denne – og om masse anna. Med seg fekk ho sjølvsagt ei lita dikthelsing frå meg. Høyr Salongen med Tordis her. Du kan også lese diktet under. ho … Read More
Gratulerer med 1-årsdagen, Winje Agency
Er så stolt av min dyktige utlandsagent, Gina Winje! I desse dagar i 2016 starta ho Winje Agency. Eitt år etterpå har ho fått ei rekkje nye forfattarar i stallen, akkurat seld ei bok om sopp og sorg til 6 land, har lansert ny nettside og er på veg til bokmessa i Frankfurt. Les meir … Read More