nrk-p2-salongen

Her om dagen skulle Salongen ha besøk av Elle-redaktør Signy Fardal. Av ulike årsaker – som du får forklart i programmet – ynskte dei seg ein tekst som hadde ein link til Jon Fosses forfattarskap. Her kan du høyre mitt forsøksvise svar. Eller du kan lese det under her.

Heile dagen spring eg i kring, rundt og rundt spring eg, og aldri tek det slutt, det er slik det er, det er slik det går, det er klesvask, husvask og oppvask, handling og hagestell og EU-kontroll og dekkskifte og foreldresamtalar og foreldremøte og mammamøte og Gud veit kva, det er ungar som skal stellast og leverast og hentast att, matast og stellast att, leggast og vekkast, og aldri verkar det vere nokon ende på det.

Og så er det mannen som skal ha sitt, anten det no er tidleg morgon eller sein kveld eller midt på natta, aldri verkar det vere nokon ende på det, og så er det jobben, jobben skal alltid ha sitt, epostar og telefonar, tidleg morgon og sein kveld, og aldri verkar det vere nokon ende på det heller. Nei, det er eit slit, frå morgon til kveld, og nokon lyt seie det, skjønar de, nokon lyt seie det, at det ikkje verkar vere nokon ende på det, at alt berre gjentek seg, igjen og igjen, og AT ALT BERRE ER SLITSAMT OG KJEDELEG! Og i blant prøver eg seie det

– Eg orkar ikkje meir, seier eg.
– Kva seier du, seier mannen, seier ungane, seier sjefen.
– Eg orkar ikkje meir, seier eg.
– Eg skjønar ikkje, seier dei.
– Eg gir opp, seier eg.
– Javel, seier dei då.

Eit jækla slit er det, frå morgon til kveld, og nokon lyt seie det, at det ikkje verkar vere nokon ende på det, men eg orkar ikkje seie det meir. Ikkje nett no. I staden lagar eg meg ein god kopp te, og så trekkjer eg beina opp under meg, i den nye stolen min, og på bordet har eg tulipanar, og så sit eg der, med ein god kopp te, i den nye designstolen ved sida av tulipanane, og i fanget har eg eit vekeblad, eit vekeblad har eg, eit flunkande nytt og fargerikt vekeblad har eg, så sit eg der med bladet i fanget, og så les eg, eg les, eg les om lekre klede og sko og slanke, velsminka menneske og om vakre øyar og metropolar langt herfrå, om høflege, hyggelege menn og veloppdragne, takksame ungar og alltid reine bilar og hus. Alt dette vil eg ha, tenkjer eg, alt dette kan eg få, tenkjer eg, der eg sit, i stolen min i stova mi, med te og tulipanar og les.

Og så skjer det, det er ikkje til å tru, men ei ny verd opnar seg, ja, alt opnar seg, og så seier eg hei kjære til mannen, og til ungane og til sjefen, hei, alle, er det ikkje ein ganske fin dag i dag, seier eg, og sola skin, og nokon kjem til å kome og alt kjem til å opne seg og alt kjem til å bli så bra, og slik skal det alltid vere, berre eg får sitje her, i stolen min, i stova mi, med tulipanane og teen min og bladet mitt og vere heilt åleine ei stakkars lita stund, berre eg får vere meg og berre (STOPPAR BRÅTT MIDT I)