POSTAR FRÅ INSTAGRAM
NYHENDE

Den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu går av stabelen frå 5.11 til 13.11.

Den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu går av stabelen frå 5.11 til 13.11. Gler meg til å vere festivalforfattar på ein av mine desiderte favorittfestivalar og henge med i ulike samanhengar gjennom heile veka. Programmet finn du her: https://www.falturiltu.no

Clara-bøkene blei nyleg selde til Sverige av Winje Agency

Clara-bøkene blei nyleg selde til Sverige av Winje Agency. Veldig glad for at det svenske forlaget Sekwa vil gi ut Alt er mitt og Av mitt blod. Den første boka kjem truleg ut allereie til våren.

ARRANGEMENT
BØKER
  • Alle
  • 2005
  • 2011
  • 2012
  • 2013
  • 2014
  • 2016
  • 2017
  • 2018
  • 2020
  • 2021
  • 2022
  • 2023
Alle
  • Alle
  • 2005
  • 2011
  • 2012
  • 2013
  • 2014
  • 2016
  • 2017
  • 2018
  • 2020
  • 2021
  • 2022
  • 2023

BADESOMMAR

Badesommar er dikt for både barn og vaksne. Dei fortel om å vere ung og gamal, om å vere redd og å tore – og om å symje i alt slags vatn.

Les meir

SUPERHELTMASKA

I Klodeklubben finn vi Vanja, Sivert og Mo. Dei bur i ei lita bygd på Vestlandet. Men sjølv på ein liten stad kan mystiske ting skje. 

Les meir

Julemysteriet

Vanja og Sivert gler seg til å vise Mo den årlege julemarknaden. Torget i bygda blir fylt av boder og midt på torget skal foreldra til Vanja setje opp ei diger julegran. Dessutan kjem det kvart år ein julenisse med slede og ekte reinsdyr!  

Men i år er det ikkje like koseleg.

Les meir
TEATER
67217942_2142129765916457_1504004230304759808_o

Husmann

Premiere 13. juli 2019
Husmann er ei musikalsk framsyning – tinga av husmannsplassen Kvemmadokkje i Ulvik. Les meir her.

Les meir
20191031-dnt-sigd-0135 (2)

Sigd

Premiere 7. november 2019
Basert på boka Sigd (2016). Regi: Peer Perez Øian. Går på Det Norske Teatret til 21.12 2019. Les meir her.

Les meir
Det Norske Teateret

Cally

Premiere 8. mars 2018
Cally er teaterstykket om songar, forfattar og teatersjef Cally Monrad. Regi: Maren Bjørseth. Les meir her.

Les meir
Forfattar Ruth Lillegraven
Ruth Lillegraven (født 1978) kjem frå Granvin i Hardanger, og bur no i Lommedalen i Bærum. Ho debuterte med diktsamlinga Store stygge dikt i 2005 og har seinare gitt ut til saman ni eigne bøker for vaksne og fem bøker for barn.

Kontakt:

Prisar

  • 2018:
    Maurits Hansen-prisen Nytt blod for Alt er mitt
  • 2016
    Nynorsk Litteraturpris for Sigd
  • 2013:
    Bokbloggerprisen for Urd
  • 2013:
    Brageprisen for Urd
  • 2012:
    Sokneprest Alfred Andersson-Rysst fond