Den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu går av stabelen frå 5.11 til 13.11. Gler meg til å vere festivalforfattar på ein av mine desiderte favorittfestivalar og henge med i ulike samanhengar gjennom heile veka. Programmet finn du her: https://www.falturiltu.no
Author: Ruth Lillegraven
Clara-bøkene blei nyleg selde til Sverige av Winje Agency
Clara-bøkene blei nyleg selde til Sverige av Winje Agency. Veldig glad for at det svenske forlaget Sekwa vil gi ut Alt er mitt og Av mitt blod. Den første boka kjem truleg ut allereie til våren.
Av mitt blod til to nye land – ut i Polen no
Hausten har starta bra for Clara-bøkene. Bok 2, Av mitt blod, blei nyleg seld til spanske Maeva. Berre nokre veker tidlegare var det tyske List/Ullstein verlage som kjøpte boka. Seks språk totalt – og allereie i midten av september kjem den polske utgåva ut. Stas å sende mi heltinne/antiheltinne Clara ut i verda, og som … Read More
Bokhausten er i gang
I helga var det klart for haustens første reise – og litteraturfestival: Ulvik poesifestival, med Naturtap som tema. Perfekte omgjevnader – med glitrande fjord og frodige eplehagar. Eg besøkte Brakanes skule med Klodeklubben-bøkene, deltok på opninga, las heile Olav H. Hauges Dropar i austavind frå scenen og framførte barnedikt saman med musikar Annlaug Børsheim. Dei … Read More
Klodeklubben bok 1 og 2 ute no
Saman med illustratør Jens Kristensen har eg laga ein ny serie – om detektivgjengen Klodeklubben. Og no er dei to første bøkene ute! Målet, bortsett frå at dei skal vere underhaldande og spennande, er at bøkene skal inspirere både ungar og vaksne til å ta vare på den fine naturen vår Og symbolsk nok er … Read More
Sigd på teater også i 2020
Det Norske Teatret har no lagt ut fleire billettar til januar og februar. «Teater på sitt vareste og klareste» (5-ar i Aftenposten). Les meir – og kjøp billettar – her.
Alt er mitt seld til Danmark
Krimboka «Alt er mitt» er no seld til sju språk. Siste språk ut er dansk. Les meir her
«Alt er mitt» på spansk
«Alt er mitt» kom i haust ut i spansk omsetjing – og med tittelen «En el fiordo profundo». Les meir her.
Sigd på teater
«Teater på sitt vareste og klareste» (terningkast 5) skreiv Aftenposten om teaterstykket Sigd på Det Norske Teatret. Spelar til og med 21.12. Les meir her.
Maurits Hansen-prisen til Alt er mitt
Under Kongsberg Krim blei «Alt er mitt kåra» til beste krimdebut i 2018. Les meir her.