22. januar fekk Vigdis Hjorth, Brit Bildøen og eg besøke Litteraturhuset i Trondheim. Staseleg selskap på årets første oppdrag, altså. Temaet var «gå inn i tid» og
Author: Ruth Lillegraven
Den norske kirkes julekalender
Den norske kirke har ein fin julekalender i år – der dei har utfordra ulike norske forfattarar til å skrive ein tekst med utgangspunkt i juleevangeliet. Eg har skrive luke 12 – Maria fortel – som du kan lese her.
Dikt til A-magasinets Paris-utgåve
Fredag 20. november hadde A-magasinet eit spesialnummer i kjølvatnet av Paris-terroren. Til dette hadde eg skrive diktet Etterpå. I etterkant fekk eg ein overveldande respons. Rørande at eit enkelt, lite dikt faktisk kan vere med å gi folk håp i ei vanskeleg tid.10
Juledikt på TVen
Kyrkjegard, julekveld, igjen og igjen er eit dikt eg har skrive til det vakre juleheftet Juleroser, med Herborg Kråkevik som redaktør. Her kan du høyre meg lese diktet på Vestre Aker kirkegård i Oslo, som eit innslag i programmet Selskapet på NRK 2.
Vossa jazz sin julekalender – luke 8
Soga om Seselja kjem til Vossa Jazz 2016. Dette er førebels einaste planlagde Seselja-konsert neste år. Og eg har fått eit ekstra oppdrag. Les meir på Vossa jazz sin julekalender – der me er luke 8.
«Mor mi» framført i Hamburg
Duoen Djønne&Børsheim syng og spelar her Mor mi i Hamburg, på avslutninga av Tysklandsturneen deira nylig. Nydeleg melodi av Rannveig Djønne. Teksten er henta frå mi bok Urd og bearbeida til den poetiske konserten Soga om Seselja. Og no finn den altså nye stemmer og scener. Stas!
Mølleminner, skyggespill
Kunstnaren Hildegunn Solbø opnar 29.11 utstillinga Mølleminner, skyggespill på Helleviktangen på Nesodden. Utstillinga består stort sett av draumeaktige fotografi frå den nedlagte kruttmølla på Håøya. Eg har fått bidra med tittel til utstillinga og bilda – og eit dikt som skal framførast på opninga. Gratulerer, Hildegunn!
Gratulerer, prisvinnar Maja Lunde
Maja Lunde fekk for litt sidan vel fortent Bokhandlarpris for Bienes historie – ei bok som gjorde stort inntrykk på meg då eg las henne i sommar. Her kan du lese kvifor – i omtalen eg laga av boka for Bokklubben.
Eg har gitt ut singel!
Flamme-singelen Atlanten – 30 sider om Svalbard, skogen og livet elles – er det næraste eg kjem ei bokutgjeving denne hausten. Her kan du lese eit lite intervju med meg om singelen på Flamme forlags nettsider.
I love norwegian libraries
Er det eit slott? Er det ei borg? Nei, det er Fredrikstad bibliotek – kanskje eit av landets flottaste å sjå på, inni og utanpå. Men best av alt: innhaldet. Alle dei fantastiske bøkene ein kan låne – heilt gratis. Alle dei flinke bibliotekarane. Og stemninga. Ja, kva var vel livet utan biblioteka våre? Eit … Read More