Heim 1975-1985 har fått flotte kritikkar og publikum strøymer til. Eg har fått bidra med ein scene om vegopning på Djønno i 1981. Dette bildet er imidlertid frå ein annna scene – ein favorittscene – og viser skodespelarane Morten Svartveit og Kjærsti Odden Skjeldal.
Author: Ruth Lillegraven
«Alt er mitt» ute i pocket
«Alt er mitt» er ute i pocket – med nytt omslag.
Fest for «Juleroser» og «Barnas juleroser» i Oslo 19.12
Mandag 19.11 er det klart for feiring av årets Juleroser-hefte og den aller første utgåva av Barnas Juleroser – begge med Herborg Kråkevik som redaktør. Stolt av å få vere ein del av eit supersterkt program. På Litteraturhuset i Oslo, mandag 19., klokka 19, altså! Velkomen! Og til dykk som ikkje kan vere der: sjekk … Read More
På bibliotekturné i Hardanger med Alt er mitt
«Alt er mitt» er no seld til fire land – Tyskland, Polen, Spania og Frankrike! Nytt opplag er på gang. Men Clara, Haavard og eg held oss i Hardanger og på Voss. Denne veka og om to veker vitjar eg sju ulike bibliotek i området her. Stor stas! I kveld er turen klar for sjølveste … Read More
Klart for Kunstfest 2018 på Bærums verk
For 6. år på rad inviterer kunstnarane, designarane og kunstformidlarane på Bærums Verk til kollektivutstilling i Gassbygningen. I år er temaet MINNER. Opning onsdag 10. oktober kl. 19.00! Sjølv skal eg stille ut ferske bøker på utstillinga, ha vakt på utstillinga 12.10 og og lese på Strikkekafé 15.10. Biletet viser det nye kjennemerket som er laga … Read More
Omtale av «Alt er mitt»
I samband med utgjevinga av «Alt er mitt» har fleire aviser intervjua meg. Eit par av intervjua ligg ute, mellom anna det i Budstikka og i Dagsavisen. Dessutan har både VG og Dagbladet anmeldt boka. «Troverdig og sjangertro psykologisk thriller fra en krimdebutant som har potensial til å slå an hos mange lesere» skreiv bokmeldar Elin … Read More
Alt er mitt seld til to land før utgjeving
Hurra! Allereie før utgjeving vart «Alt er mitt» seld til Tyskland og Polen. «Janina Dyballa i Ullstein Buchverlage – som gir ut blant Anna Jo Nesbø og Camilla Läckberg – seier: “I am still captured by this masterful tale of revenge and it`s strong heroine” medan Monika Mielke I Wielka Liters Publishing House i Polen … Read More
På turné med Kagge forlag
I slutten av neste veke kjem den psykologiske thrilleren Alt er mitt ut. Denne veka får eg vere med Kagge forlag på turné der me presenterer bøker for bokhandlarar. Veldig gøy. Are Kalvø, Maja Lunde, Hege Duckert, Arnhild Skre, Elisabeth Andreassen, Odd Karsten Tveit, Ken André Ottesen og Ingvild Tennfjord er dei andre forfattarane som … Read More
«Skogen den grøne» har fått si første melding
Den ferske barnediktboka «Skogen den grøne» er meldt av Mette Bleken i Hardanger Folkeblad. Ho skriv blant anna: «Lillegraven diktar oss ei ny verd i skogen den grøne. Skogsturane frametter vert garantert noko anna enn dei har vore til no, for fleire enn meg. Istappane som heng i mosegrodd berg; er dei bjørnetenner som smeltar … Read More
«Skogen den grøne» lansert under Ulvik poesifestival
Laurdag 8.9 blei den ferske barnediktsamlinga «Skogen den grøne» – illustrert av Mari Kanstad Johnsen – lansert under Ulvik Poesifestival. Masse folk i alle aldrar var til stades – her kan du lese meir. Og jammen matcha forfattaren boka!