Omtale av «Alt er mitt»

25. september 2018Nyhende

I samband med utgjevinga av «Alt er mitt» har fleire aviser intervjua meg. Eit par av intervjua ligg ute, mellom anna det i Budstikka og i Dagsavisen. Dessutan har både VG og Dagbladet anmeldt boka.  «Troverdig og sjangertro psykologisk thriller fra en krimdebutant som har potensial til å slå an hos mange lesere» skreiv bokmeldar Elin … Read More

Alt er mitt seld til to land før utgjeving

25. september 2018Nyhende

Hurra! Allereie før utgjeving vart «Alt er mitt» seld til Tyskland og Polen. «Janina Dyballa i Ullstein Buchverlage – som gir ut blant Anna Jo Nesbø og Camilla Läckberg – seier: “I am still captured by this masterful tale of revenge and it`s strong heroine” medan Monika Mielke I Wielka Liters Publishing House i Polen … Read More

På turné med Kagge forlag

11. september 2018Nyhende

I slutten av neste veke kjem den psykologiske thrilleren Alt er mitt ut. Denne veka får eg vere med Kagge forlag på turné der me presenterer bøker for bokhandlarar. Veldig gøy. Are Kalvø, Maja Lunde, Hege Duckert, Arnhild Skre, Elisabeth Andreassen, Odd Karsten Tveit, Ken André Ottesen og Ingvild Tennfjord er dei andre forfattarane som … Read More

«Skogen den grøne» har fått si første melding

9. september 2018Nyhende

Den ferske barnediktboka «Skogen den grøne» er meldt av Mette Bleken i Hardanger Folkeblad. Ho skriv blant anna: «Lillegraven diktar oss ei ny verd i skogen den grøne. Skogsturane frametter vert garantert noko anna enn dei har vore til no, for fleire enn meg. Istappane som heng i mosegrodd berg; er dei bjørnetenner som smeltar … Read More

«Skogen den grøne» lansert under Ulvik poesifestival

11. august 2018Nyhende

Laurdag 8.9 blei den ferske barnediktsamlinga «Skogen den grøne» –  illustrert av Mari Kanstad Johnsen – lansert under Ulvik Poesifestival. Masse folk i alle aldrar var til stades – her kan du lese meir. Og jammen matcha forfattaren boka!

Sigd seld til 4 land!

27. juni 2018Nyhende

Sigd ut i verda på 4 språk! Til hausten kjem diktsamlinga mi Sigd (2016) på engelsk og spansk. Den franske utgåva er venta neste vår medan Azul Press i Nederland nettopp har kjøpt boka. Stas at den no skal kome ut på nederlandsk, det opprinnelege språket til mor mi. Forfattaren sjølv synst det er rørande at boka … Read More

Eg er eg er eg er: Gratis kor-konsert i Oslo og Bergen 7.7 og 9.7

27. juni 2018Nyhende

7.7  kjem Los Angeles Children Chorus til Bergen, to dagar seinare til Oslo. Dei skal syng litt forskjellig, men blant anna Therese Birkelund Ulvo (biletet) sitt nyskrivne verk I am I am I am – med tekstar frå barnediktboka mi, Eg er eg er eg er. Her kan du lese meir om Oslo-konserten. 

Cally: nye førestillingar til hausten og Hedda-nominasjon

24. juni 2018Nyhende

Stor stas! Houvdrolleinnehavar Ingeborg Sundrehagen Raustøl var ein av tre nominerte til Heddaprisen, beste kvinnelege hovudrolle. Ho vann ikkje – men knallsterkt å vere nominert. OG: i september og oktober blir det seks nye Cally-førestillingar – les meir om dei på Det Norske Teatrets heimeside.

Fire dikt frå «Eg er eg er eg er» blir framført i L.A.!

21. april 2018Nyhende

Av og til skjer det heilt surrealtistisk kule ting! 12. mai skal Los Angeles Children`s Chorus framføre fire tekstar frå barnediktboka «Eg er eg er eg er». Musikken er laga av ein av Noregs fremste komponistar, Therese Birkelund Ulvo. Tusen takk for at du ville bruke mine tekstar, Therese! Og takk til Kristine Hovda som saman med Therese … Read More