Cally – også i mai

12. april 2018Nyhende

Hurra! No også i mai månad! CALLY – framleis med den fabelaktige Ingeborg Sundrehagen Raustøl (biletet, tatt etter sist eg sjølv var og såg Cally) i hovudrolla og med regi av geniale Maren E. Bjørseth – har fått tildelt 5 kveldar i mai også – i tillegg til dei seks som gjenstår i april. Mange … Read More

CALLY: Tommel opp frå Morgenbladet – og nye framsyningar

2. april 2018Nyhende

Morgenbladet likte også Cally, og skreiv blant anna: «Et humoristisk hurtigtog av en forestilling om det begivenhetsrike livet til Det Norske Teaterets første kvinnelige teatersjef … Cally var en talentfull sanger som ublygt markerte scenen som sitt territorium. Det samme gjør hovedrolleinnehaver Ingeborg Sundrehagen Raustøl.» står det blant anna i meldinga, som du kan du … Read More

Sigd seld til to nye land – kjem ut på fransk og spansk

2. april 2018Nyhende

SIGD er no seld til 2 nye land, og skal kome ut på fransk (Edition LanSkine) og spansk (Trilce, Mexico). Tusen takk til verdas flinkaste og mest hardtarbeidande agent, Gina Winje i Winje Agency, til Oliver Møystad i Norla og til Juan Christin Gutierrez – som på eige initiativ har omsett boka til spansk. Og … Read More

Til Brumunddal med Vigdis Hjorth og Ingvild Rishøi

10. mars 2018Nyhende

Fredag 16. mars går turen til Brumundal bibliotek der eg skal delta på arrangement «Kvinnelige stemmer» saman med Vigdis Hjorth og Ingvild Rishøi, leia av Arnhild Skre. Det gler eg meg til! Les meir om arrangementet her.

Artikkel om CALLY i Dagsavisen

21. februar 2018Nyhende

Eg var for første gong innom prøvane på CALLY i dag. Veldig spennande å sjå stykket få liv. Gler meg til premieren 8. mars. Dagsavisen har snakka med regissør Maren Bjørseth og meg om stykket. Her kan du lese saka i Dagsavisen

Sigd på Mammut

6. februar 2018Nyhende

No er Sigd, diktboka mi frå 2016, snart å finne på Mammut-salet til redusert pris. Bok 365 tilrår den og fire andre diktbøker på Mammut her. Håpar Endre og Abelone får mange nye vener den neste tida!

Prøvane i gang på CALLY – premiere på Det Norske Teatret 8. mars!

28. januar 2018Nyhende

8. mars er det klart for premiere på mitt første teaterstykke, Cally på Det Norske Teatret. Ikkje berre er premieren på kvinnedagen, det er eit nokså kvinneleg lag bak stykket: Maren Bjørseth på regi, Matilde Holdhus og Ingrid Weme Nilsen som dramaturgar og Ingeborg Sundrehagen Raustøl i hovudrolla som Cally. I dei andre rollene: Petter … Read More

Fin melding til gjendiktinga av Marie Lundquist dikt

10. november 2017Nyhende

Den ferske gjendiktinga av Marie Lundquists dikt, Eg og ho eg kunne ha vore, fekk i dag veldig fin omtale i Morgenbladet. Under overskrifta «Et syrlig og sørgmodig sirkusfølge» skriv Carina Elisabeth Beddari blant anna: «Døden og den ulykkelige kjærligheten skildres like surrealistisk som sorgtungt i Marie Lundquists poesi … Like fullt er Lundquists billedspråk rent … Read More