Sigd på teater også i 2020

25. november 2019Nyhende

Det Norske Teatret har no lagt ut fleire billettar til januar og februar. «Teater på sitt vareste og klareste» (5-ar i Aftenposten). Les meir – og kjøp billettar – her.

Sigd på teater

18. november 2019Nyhende

«Teater på sitt vareste og klareste» (terningkast 5) skreiv Aftenposten om teaterstykket Sigd på Det Norske Teatret. Spelar til og med 21.12. Les meir her.

Fine meldingar og fulle hus til Heim2

11. mars 2019Nyhende

Heim 1975-1985 har fått flotte kritikkar og publikum strøymer til. Eg har fått bidra med ein scene om vegopning på Djønno i 1981. Dette bildet er imidlertid frå ein annna scene – ein favorittscene – og viser skodespelarane Morten Svartveit og Kjærsti Odden Skjeldal. 

Fest for «Juleroser» og «Barnas juleroser» i Oslo 19.12

16. november 2018Nyhende

Mandag 19.11 er det klart for feiring av årets Juleroser-hefte og den aller første utgåva av Barnas Juleroser – begge med Herborg Kråkevik som redaktør. Stolt av å få vere ein del av eit supersterkt program. På Litteraturhuset i Oslo, mandag 19., klokka 19, altså! Velkomen! Og til dykk som ikkje kan vere der: sjekk … Read More

På bibliotekturné i Hardanger med Alt er mitt

16. november 2018Nyhende

«Alt er mitt» er no seld til fire land – Tyskland, Polen, Spania og Frankrike! Nytt opplag er på gang. Men Clara, Haavard og eg held oss i Hardanger og på Voss. Denne veka og om to veker vitjar eg sju ulike bibliotek i området her. Stor stas! I kveld er turen klar for sjølveste … Read More

Klart for Kunstfest 2018 på Bærums verk

6. oktober 2018Nyhende

For 6. år på rad inviterer kunstnarane, designarane og kunstformidlarane på Bærums Verk til kollektivutstilling i Gassbygningen. I år er temaet MINNER. Opning onsdag 10. oktober kl. 19.00!  Sjølv skal eg stille ut ferske bøker på utstillinga, ha vakt på utstillinga 12.10 og og lese på Strikkekafé 15.10. Biletet viser det nye kjennemerket som er laga … Read More