Den norske kirkes julekalender

13. desember 2015Nyhende

Den norske kirke har ein fin julekalender i år – der dei har utfordra ulike norske forfattarar til å skrive ein tekst med utgangspunkt i juleevangeliet. Eg har skrive luke 12 – Maria fortel – som du kan lese her.

Dikt til A-magasinets Paris-utgåve

10. desember 2015Nyhende

Fredag 20. november hadde A-magasinet eit spesialnummer i kjølvatnet av Paris-terroren. Til dette hadde eg skrive diktet Etterpå. I etterkant fekk eg ein overveldande respons. Rørande at eit enkelt, lite dikt faktisk kan vere med å gi folk håp i ei vanskeleg tid.10

Juledikt på TVen

9. desember 2015Nyhende

Kyrkjegard, julekveld, igjen og igjen er eit dikt eg har skrive til det vakre juleheftet Juleroser, med Herborg Kråkevik som redaktør. Her kan du høyre meg lese diktet på Vestre Aker kirkegård i Oslo, som eit innslag i programmet Selskapet på NRK 2.

Vossa jazz sin julekalender – luke 8

8. desember 2015Nyhende

Soga om Seselja kjem til Vossa Jazz 2016. Dette er førebels einaste planlagde Seselja-konsert neste år. Og eg har fått eit ekstra oppdrag. Les meir på  Vossa jazz sin julekalender – der me er luke 8.

Gratulerer, prisvinnar Maja Lunde

24. november 2015Nyhende

Maja Lunde fekk for litt sidan vel fortent Bokhandlarpris for Bienes historie – ei bok som gjorde stort inntrykk på meg då eg las henne i sommar. Her kan du lese kvifor – i omtalen eg laga av boka for Bokklubben.

Eg har gitt ut singel!

20. november 2015Nyhende

Flamme-singelen Atlanten – 30 sider om Svalbard, skogen og livet elles – er det næraste eg kjem ei bokutgjeving denne hausten. Her kan du lese eit lite intervju med meg om singelen på Flamme forlags nettsider.

I love norwegian libraries

19. november 2015Nyhende

Er det eit slott? Er det ei borg? Nei, det er Fredrikstad bibliotek – kanskje eit av landets flottaste å sjå på, inni og utanpå. Men best av alt: innhaldet. Alle dei fantastiske bøkene ein kan låne – heilt gratis. Alle dei flinke bibliotekarane. Og stemninga. Ja, kva var vel livet utan biblioteka våre? Eit … Read More

Kritikersalong i Fredrikstad

16. november 2015Nyhende

19. november deltek eg på Kritikarsalong i Fredrikstad saman med litteraturkritikar Berhard Ellefsen og forfattar og kritikar Tom Egeland. Me skal diskutere tre høgst ulike bøker: Liv Køltzows «Melding til alle reisende», Svetlana Aleksijevitsjs «Kister av sink – Sovjetiske stemmer fra krigen i Afghanistan» og Petter Stordalens «Jeg skal fortelle deg min hemmelighet». Dette blir spennande!

Dagen etter 13/11

14. november 2015Nyhende

I dag tenkjer eg på mødre og fedre i ein skadeskoten by ikkje så langt herfrå, og på kor takksam eg over å bu i ein fredeleg skogkant. Men også på at ingen kan beskytte barna sine fullt og heilt, ikkje i Lommedalen, ikkje i Oslo, ikkje i Paris – og slett ikkje i Syria. … Read More