I september kjem den nye boka mi, Alt er mitt, ein psykologisk thriller som kjem ut på Kagge forlag. Les meir om boka her.
Nyhende
Sigd seld til 4 land!
Sigd ut i verda på 4 språk! Til hausten kjem diktsamlinga mi Sigd (2016) på engelsk og spansk. Den franske utgåva er venta neste vår medan Azul Press i Nederland nettopp har kjøpt boka. Stas at den no skal kome ut på nederlandsk, det opprinnelege språket til mor mi. Forfattaren sjølv synst det er rørande at boka … Read More
Eg er eg er eg er: Gratis kor-konsert i Oslo og Bergen 7.7 og 9.7
7.7 kjem Los Angeles Children Chorus til Bergen, to dagar seinare til Oslo. Dei skal syng litt forskjellig, men blant anna Therese Birkelund Ulvo (biletet) sitt nyskrivne verk I am I am I am – med tekstar frå barnediktboka mi, Eg er eg er eg er. Her kan du lese meir om Oslo-konserten.
Cally: nye førestillingar til hausten og Hedda-nominasjon
Stor stas! Houvdrolleinnehavar Ingeborg Sundrehagen Raustøl var ein av tre nominerte til Heddaprisen, beste kvinnelege hovudrolle. Ho vann ikkje – men knallsterkt å vere nominert. OG: i september og oktober blir det seks nye Cally-førestillingar – les meir om dei på Det Norske Teatrets heimeside.
Fire dikt frå «Eg er eg er eg er» blir framført i L.A.!
Av og til skjer det heilt surrealtistisk kule ting! 12. mai skal Los Angeles Children`s Chorus framføre fire tekstar frå barnediktboka «Eg er eg er eg er». Musikken er laga av ein av Noregs fremste komponistar, Therese Birkelund Ulvo. Tusen takk for at du ville bruke mine tekstar, Therese! Og takk til Kristine Hovda som saman med Therese … Read More
Cally – også i mai
Hurra! No også i mai månad! CALLY – framleis med den fabelaktige Ingeborg Sundrehagen Raustøl (biletet, tatt etter sist eg sjølv var og såg Cally) i hovudrolla og med regi av geniale Maren E. Bjørseth – har fått tildelt 5 kveldar i mai også – i tillegg til dei seks som gjenstår i april. Mange … Read More
CALLY: Tommel opp frå Morgenbladet – og nye framsyningar
Morgenbladet likte også Cally, og skreiv blant anna: «Et humoristisk hurtigtog av en forestilling om det begivenhetsrike livet til Det Norske Teaterets første kvinnelige teatersjef … Cally var en talentfull sanger som ublygt markerte scenen som sitt territorium. Det samme gjør hovedrolleinnehaver Ingeborg Sundrehagen Raustøl.» står det blant anna i meldinga, som du kan du … Read More
Sigd seld til to nye land – kjem ut på fransk og spansk
SIGD er no seld til 2 nye land, og skal kome ut på fransk (Edition LanSkine) og spansk (Trilce, Mexico). Tusen takk til verdas flinkaste og mest hardtarbeidande agent, Gina Winje i Winje Agency, til Oliver Møystad i Norla og til Juan Christin Gutierrez – som på eige initiativ har omsett boka til spansk. Og … Read More
Fleire gode meldingar til CALLY på Det Norske Teatret
Torsdag var det premiere på mitt første teaterstykke, Cally. Mottakinga så langt har vore strålande. Les melding i Aftenposten her. Les melding i Dagbladet her. Høyr innslag i P2 her . Kjøp billett her.
Til Brumunddal med Vigdis Hjorth og Ingvild Rishøi
Fredag 16. mars går turen til Brumundal bibliotek der eg skal delta på arrangement «Kvinnelige stemmer» saman med Vigdis Hjorth og Ingvild Rishøi, leia av Arnhild Skre. Det gler eg meg til! Les meir om arrangementet her.