Kjempestas at dikt frå Urd (2013) er tonesett av Kjell Habbestad og skal framførast av sopran Helga Størdal på Litteraturhus Fredrikstad 7.6 (ikkje 22.3, som tidlegare annonsert). Les meir om prosjektet her.
Nyhende
Artikkel om CALLY i Dagsavisen
Eg var for første gong innom prøvane på CALLY i dag. Veldig spennande å sjå stykket få liv. Gler meg til premieren 8. mars. Dagsavisen har snakka med regissør Maren Bjørseth og meg om stykket. Her kan du lese saka i Dagsavisen
Sigd på Mammut
No er Sigd, diktboka mi frå 2016, snart å finne på Mammut-salet til redusert pris. Bok 365 tilrår den og fire andre diktbøker på Mammut her. Håpar Endre og Abelone får mange nye vener den neste tida!
Prøvane i gang på CALLY – premiere på Det Norske Teatret 8. mars!
8. mars er det klart for premiere på mitt første teaterstykke, Cally på Det Norske Teatret. Ikkje berre er premieren på kvinnedagen, det er eit nokså kvinneleg lag bak stykket: Maren Bjørseth på regi, Matilde Holdhus og Ingrid Weme Nilsen som dramaturgar og Ingeborg Sundrehagen Raustøl i hovudrolla som Cally. I dei andre rollene: Petter … Read More
Fin melding til gjendiktinga av Marie Lundquist dikt
Den ferske gjendiktinga av Marie Lundquists dikt, Eg og ho eg kunne ha vore, fekk i dag veldig fin omtale i Morgenbladet. Under overskrifta «Et syrlig og sørgmodig sirkusfølge» skriv Carina Elisabeth Beddari blant anna: «Døden og den ulykkelige kjærligheten skildres like surrealistisk som sorgtungt i Marie Lundquists poesi … Like fullt er Lundquists billedspråk rent … Read More
CALLY – mitt første teaterstykke!
8. mars skal mitt første teaterstykke ha premiere! Det har fått namnet CALLY – og handlar om songerinna, forfattaren og teatersjefen Cally Monrad. Ingeborg Sundrehagen Raustøl skal spele Cally Monrad, og Maren Bjørseth skal ha regi. I arbeidet med stykket har eg fått kjempegod hjelp av dramaturg Ingrid Weme Nilsen. Du kan lese meir om … Read More
Mi første gjendikting: svenske Marie Lundquist til norsk
Eg har fått lov å gjendikte eit utval dikt av den svenske poeten Marie Lundquist. Alle dikta er frå hennar tre tidlegaste diktsamlingar. Det har vore eit stor glede å gjendikte desse flotte dikta. Du kan lese meir – eller bestille- boka hos Samlaget. Her står det blant anna: «Dikta til Lundquist uttrykkjer lengt, smerte og … Read More
Klar for Falturiltu 2017!
7.-9.11 er det klar for årets siste oppdrag: då deltek eg på den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu på Stord. Eg skal lese på konsert i Stord kyrkje, besøke 3 skular med barnediktboka Eg er eg er eg er – og vere med i panelsamtale på seminaret torsdag. Og så er det alltid så hyggeleg på Falturiltu! Eg … Read More
Live-sending frå Det Norske Teatret
1. november var eg med på ei livesending frå Det Norske Teatret – der dei presenterte vårlista si. Eg fortalde om mitt nye teaterstykke, Cally, som skal ha premiere på sjølvaste 8. mars. Her kan du sjå sendinga – og få vite meir om stykket mitt
Særs fin omtale til poesikonserten Sigd
Wow! Etter 12 framsyningar blir poesikonserten Sigd plutseleg anmeldt. Særs fin omtale av Nils Kvamsdal i Hordaland – lokalavisa for Voss og omegn. Han skriv blant anna «Benedicte Maurseth er ein mester. Ein meister til å lytta, ein meister til å skapa dei vibrasjonar ho fangar om til stemningar og fargar. Ho, fela og røysta … Read More