16992378_10210793838700934_2394215612180209805_o

Dikt til Knut Hamre 3. mars 2017

Her kan du lesa diktet eg laga til Granvins eigen meisterspelemann og superpedagog Knut Hamre då han fredag 3.3 vart Kommandør av St. Olavs orden. Til lukke, gode Knut! (På biletet ser de Knut saman med Granvinsordførar Ingebjørg Winjum. Foto: Olav Seim)

han er

ein liten gut

han går

frå dør til dør

og knakkar på

vil høyra ein slått

vil læra ein slått

vil kjenna eit

svev

han syklar frå folkedal

og til kjerland, for der

bur meisteren hans

frå kjerland

og til folkedal

frå folkedal og

til kjerland

fram og tilbake

fram og tilbake

og av og til

skin sola, og alt er

så blenkjande blått

fjorden og himmelen

himmelen og fjorden

alt speglar seg

alt er berre

det blåaste blå

men nokså ofte

regnar det

eller det bles

og alt er berre

det gråaste grå

men det

merkar han knapt

han som syklar i regn

og i sol, i storm og i stille

i mørket og i lyset

for han har musikken i seg

som eit stort sug har han

musikken i seg, musikken

det einaste som kan dempa

uroa

dette skal vara livet ut

seier anders om læringa

han fortel og forklarar og

spelar og knut lyttar og

lærer og øver og øver

aldri tenkjer han på det

som arbeid eller som plikt

berre som leik og glede

sidan heng folk, ville

og galne, i ribbeveggen

i idrettshallen på oppdal

det er kappleik, året er 1974

og folk kan knapt tru det dei

høyrer

denne unge mannen

med det lange håret

og dette spelet som

ikkje liknar noko, så

annleis, så rytmisk

så fritt

spelet som

får han til å falla

sveitt og utsliten om

bak scena, medan dei

klappar og klappar

der ute

men enno er det

berre denne vesle guten

til og frå meisteren sin

der inne i bygda

fram og tilbake

på sykkel mellom

fjella og fjorden med

musikken i seg

og sidan

alle timane og dagane

med bjarne herrefoss

bjarne som seier:

eg skal spela livet, for

det veit me ingenting om

bjarne som meir enn nokon andre

berre spelar, utan reglar og utan

system, berre med varme

og melankoli

bjarne med alt det usagde

bjarne med den kvite hareungen

i hendene

bjarne som snakkar med trea

bjarne, som blir ein bror

bjarne, som gret når knut skal fara

bjarne i draumen, han kjem gåande

i enga, med feleskrinet i handa

du må vera der du er, seier bjarne

og så olav h. hauge

han som steikjer flesk

og kokar kaffi, som snakkar

og snakkar om dikt og kunst

og store filosofar

i ring og i kring på stovegolvet

alt heng saman med alt, seier olav

frå sandkorn til stjerner

det store i det vesle

og det vesle i det store

ja, olav snakkar og snakkar

medan knut lyttar og lærer

og i blant også talar eller

speler – eller skyt på

ein fiskebolleboks

saman med olav

eit slags universitet

eit slags studium

eit slags arbeid

alle timane

alle dagane

og alle åra

med anders

med bjarne

med olav

dei er alle borte no

meistrane

og knut har sjølv

lenge vore meister

kilometer

etter kilometer

mil etter mil

innover fjorden

og utover fjorden

til eidfjord

og ullensvang

til ulvik og til

granvin

han syklar ikkje lenger

han køyrer

fram og tilbake

fram og tilbake

medan han lyttar

og lærer frå seg

venleg og varleg

alle timane

alle dagane

og alle åra

frank og åse

alexander og

benedicte og

alle dei hine

alle elevane

hans

tre tiår med ungar

heilt ulike blomar som

har blømd under hans tre

å vera ingenting heiter

boka om knut, for det

har knut lært seg, at

ein må gløyma seg

sjølv

ein må vera eit ingenting

berre noko som musikken

går gjennom, musikken som

finst i alt, i fjella og i fjorden

i alt det grøne og blå og grå

i alle hundreåra

i alle folka som var her

alle folka som kom og gjekk

over golvet, over bakkane, i floren

og i fjøset, alle andleta som ein gong

var

ja, ein må vera ingenting

men ein må også ha eit stort hjarte

det har knut hatt

og han har hatt aud

ingebjørg, anna

og bjørner

sidan svigersønene

og barnebarna

så nære og så kjære

ja, eit stort hjarte må ein ha

sjenerøs må ein vera

og gå dit det buttar

der ein møter motstand

og ikkje berre applaus

lytta og læra – i fleire leirar

tora å le av seg sjølv

hit og dit

innover fjorden

og utover fjorden

men også til jerusalem

og new york

alltid med skrinet i handa

 

slik spelar knut

spelar fram sjø og sky

roser, tornar og fargespel

og tenk, i dag er han 65 år og

kommandør av st. olavs orden

han som minst av alt er nokon

kommandør, så venleg og så

varleg

stadig eit lite barn

eit lite barn som

ser verda med nye auge

ope og nysgjerrig

eit lite barn som

kakkar på dørene

på leit etter ein slått

på leit etter det store svevet

ein liten gut som syklar

fram og tilbake

i det blå og det grå

mellom fjorden og fjellet

i regn og i sol

i storm og i stille

i lys og i mørke