Dikt til opninga av Hardanger musikkfest 2016

Ah! Lese på opninga av Hardanger musikkfest 2016 med Bergen filharmoniske orkester i bakgrunnen. STAS! Biletet syner dei to strålande musikkfestgeneralane, Tora og Therese, som syng Mellom bakkar og berg med fullt orkester til. Her er min tekst for dagen:

kvirretikvitre
seier det i trea

klirretiklirr
eier det i søljene

og klikketiklikk
seier det i dagane
vekene, månadane
og åra som hektar
seg i kvarandre

hektar seg
i kvarandre
nesten utan at
me merkar det

slik me nesten ikkje
merkar at røtene våre
veks ned i molda og opp
av molda, blir flytta hit og
dit og så tilbake igjen, blir
kappa og kutta, for så
å vekse på ny

og klukketiklukk
seier det, under bakken
og i bekken, bekken i graset
i ura, i fjellet

ja, kvirretikvitre
klirretiklirr, klukketiklukk
seier det, og blir til hundrad
hardingtonar, medan alt spirer
alt glitrar og blømer, blør og glør
glør og blør

himmelen og fjorden

himmelen og fjella

alt speglar seg

det kvite og det svarte
steinen og snøen, som
klavertangentane

så det blåaste blå
mot det blåaste blå

og mellom der
det grønaste grøne

det som ligg inne
i røtene og i knoppen
i greina og i molda

ventar på å få kome
opp og ut og fram

slik musikken ligg der
under oss og over oss
mellom oss og i oss
som lys og skuggar
skuggar og skjold

musikken som sildrar og
surklar og knirkar og knitrar
buldrar og brest, som løftar 
håra
og hendene, føtene, knea og oss
som løftar taka og trea og fjella
og himmelen, løftar utne, eidfjord
kinsarvik, lofthus, tyssedal og odda
løftar heile hardanger til fest, til fest

musikken som fangar alt dette
som eigentleg ikkje kan fangast

som kan knusast så lett som
nattgamal is i mai

som svinsar og svinn som
ein sitronsommarfugl
i seljeskogen

snart her –
snart borte –

alt dette som berre
må få vere her og no

alt dette som må
høyrast, levast og
andast

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin