Dikt til opninga av Vossa Jazz 2016: All denne jazzen

Foto: Ingerid Jordal, Hordaland

Då eg var ei lita jente i Granvin var Voss ein verdsmetropol. Og det hippaste, kulaste og dermed mest fryktinngytande av det heile: denne eksotiske greia dei kalla VOSSA JAZZ! Biletet av Voss som har justert seg noko. Dette med Vossa Jazz, derimot, det slepper ikkje taket. Difor har det vore både prestasjonsangst og skrivesperre forbunde med å skrive noko til opninga av Vossa Jazz 2016. Kva eg til slutt skreiv? Eg måtte jo prøve å skrive jazz eg også, då! Her kjem det, jazzdiktet mitt.

ALL DENNE JAZZEN

lyden av

snø frå gråsida

lyden av spiren

som strekkjer seg

opp av molda, mot

lyset, mot lyset

lyden av solbrillene

som kjem på og

kleda som

går av

lyden av

eggeskal

appelsinskal

programhefte

og påskeliljer

alle desse

lydane alltid

alt dette som

skal opne seg

alt dette som

nærmar seg

alle fargane

alt det grøne

alt det raude

og blå og

gule

alt som skiftar

igjen og igjen

og så

desse fargane

utan fargar

det svarte

og det kvite

som eit klaver

eit sjakkbrett eller

eit trekkspel i vinden

svart og kvitt

svart og kvitt

rundt og rundt

og all denne tida

alle timane, dagane

og vekene, månad

etter månad og

år etter år

som hektene

i ein bunadsopplut

eit par beksemstøvlar

eller ei gamal kofte

hektar dei seg

i kvarandre

klikketiklikk

klikketiklikk

klikketiklikk

alle lydane

alle fargane

og alle dagane

dei sorgtunge dagane

dei håpefulle dagane

dei skrekkfrydblanda

dagane

alt

hektar seg saman

og blir musikken

 

musikken inni oss

og mellom oss

og rundt oss

og lengst

inni musikken

inni det såraste

bitraste, gladaste

vondaste, verste

og beste

der bur jazzen

å, jazzen, denne

skittengule perla

som ligg der og

lyser og lyser

denne pulsen som

dunkar og slår og

dunkar og slår

i oss

denne eigne verda

der alt er lov og

alt går an

der ei lita bygd

på vestlandet kan få

besøk av van the man

dee dee og stevie ray

og så

alle tingingsverka

sommero, brunborg,

andersen, wesseltoft

boine, molvær, alnæs

bjørnstad, rypdal, seim

gustavsen, slettahjell

seglem, roggen og

dei andre

og no: nils økland og

hans glødetrådar

ja, alt kan skje og

alt kan kome, ut frå

det blå og gule og

raude, svarte og

kvite kan det

kome

string swing og bebop

cool jazz, frijazz, fusion

og akustisk

det varme og det kalde

men i blant

blir det for mykje

for mykje mørke og

for mykje lys

for mange klangar

og tonar og kjensler

og repetisjonar

for mykje inni og

for mykje utanpå

for lange dagar og

for kræisi netter

ja, i blant

hamna dei utpå

dei gamle gutane og

dei gamle jentene

i blant blei det

for mange drinkar

for mange damer og

for mange menn

for mykje dop

for mange slag

og slåsskampar

og også for oss

som ikkje heiter miles

eller charles kan det bli

for mykje av dette som

me kallar livet

det er då det gjer godt

å vakne til utsikt over

vangsvatnet

til fjella og himmelen

til lyden av snøskavlane

og spirene og skala og

all musikken

all musikken som

trude og hennar hær

har bestilt, organisert

og jobba fram alle desse

lange dagane og nettene

rundt og rundt, hit og

dit og opp og ned

all denne musikken

som veks og minkar i oss

som gjer oss gule og blå

og raude og svarte og

i blant også kvite

musikken som

sildrar og surklar

knirkar og knitrar

buldrar og brest

som løftar

håra og hendene

føtene, knea og oss

som løftar taka og trea

og fjella og himmelen

all denne jazzen

som snart skal fylle

romma og tomromma

gatene og bygda og oss

for alt nærmar seg no

alt opnar seg

og så byrjar alt gløde

ja, alt glødar no

alt startar her

kvar rubbel

og kvar bit

all kjærleik

alt slit

alt det her

alt det der

all that jazz

alt startar NO!

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin