Eg er eg er eg er nominert til Brageprisen 2016

Eg er eg er eg er er nominert til Brageprisen i klassen for beste barne- og ungdomsbok! I grunngjevinga si skriv juryen: «Den energiske, sansande og undrande barnestemma er ein gjennomgåande kvalitet i dikta, som formidlar sterke kjensler knytt til identitet, uro og endring. Årstidene ordnar dikta i fire syklusar, som skaper samanheng og framdrift i lesinga. Eg-stemma pustar i takt med denne natursyklusen, eit rytmisk grep som inviterer lesaren med. Dikta er visuelle, rytmiske og leikande, og ber om å bli lesne høgt. Mari Kanstad Johnsens illustrasjonar speler ikkje andrefiolin her, og får rom til å utfalde seg over to og to sider utan tekst. Slik gir dei òg dikta viktig pusterom. Det er eit ekteskap som fungerer godt … Det er langt mellom diktbøker for barn av så høg kvalitet.» Les meir om Brageprisen og nominasjonen her.