Eit brev til Benny Borg – frå gitaren hans

I helga kunne du høyre helsinga til Benny Borg frå gitaren hans på Salongen – ført i pennen av underteikna. Du kan høyre programmet med Benny Borg her. Og du kan lese brevet til Benny under her, om du vil.

Kjære Benny,
Eg er glad du framleis held koken. Du veit vel at du er blitt 70 år. Over 70 år, faktisk. Det er ein ganske anstendig alder, det. Du kunne vald å berre vere pensjonist no. Berre sove lenge, gå tur, lese avisa og drikke kaffi og sjå TV og spele golf eller kva det no er pensjonistar gjer. Men det er klart, det ville blitt kjedeleg for deg. Og aller mest for meg. Så eg er glad til.Og det er jo eg som har masa på deg. Om å gjere noko nytt. Flott med Johnny-Benny, Elvis-Benny og Cornelis-Benny og Evert-Benny, har eg sagt. 3500 gonger med Elvis Presley, til dømes. Kjempefint. Kost meg kvart sekund. Så bra at du løftar dei fram, bles nytt liv i dei. Men eg saknar Benny-Benny, har eg sagt.
Kom fram, Benny-Benny, har eg sagt. Pus pus pus, kom ut, kom fram. Du er jo meir enn bra nok som deg sjølv, har eg sagt. Men du har ikkje villa høyre på meg, du har berre vore oppteken med å halde liv i alle desse gamle, for lengst daude genia som sleit med dop og drikk og mest av alt med seg sjølv og hovudet sitt. Slik er du, Benny, vil alltid løfte fram andre.
Så då dei to unge karane tok kontakt med deg på fjesboka, og føreslo at du skulle lage plate att, etter alle desse åra, etter tretti år, då tenkte eg ja! ja! ja! – sjølv om du var sånn tja tja tja! Eg visste at du ville få det til. Eg visste at dette ville bli di beste plate. Og då du byrja lage songar att, herlegheit … dei gjekk rett i fletta på meg, eller kassa, kan ein vel seie. Rett i kassa! Så strengane mine dirra i glede og gråt. Den største reisen … God morgen min kjære … Å, Benny-Benny, sa eg. Min eigen Benny-Artie, Artie-Benny. Du som ein gong var ein liten gut i ein heim utan pengar, du som aldri har hatt ein plan, berre tatt ting som dei kom. MEN takk og lov ville du ikkje spele klarinett, slik far din ville, du skar leppa di til blods for å sleppe. Sidan har du aldri villa spele på noko anna enn meg. Det har vore meg og deg, Benny. Ja, og litt Johnny, Elvis, Cornelis og Evert.
Det er så lenge sidan Balladen om Morgan Kane no. Så mange timar på scenen, og på vegen, hit og dit, fram og tilbake, mil etter mil, i Opel Corsaen, med meg i bagasjerommet eller bakseten eller aller helst ved sidan av deg. Det har vore fint å vere gitaren din. Så mange timar og dagar, månader og år, mil etter mil. Så mange fjell du har klatra, Benny, inni deg. Så mange gode år, med Liv, og så åleine. Det var ikkje slik det skulle bli, eg veit … Men du er her enno, du vår eigen Man in black. Du er her, og du syng for oss, syng som aldri før. Og meir kan eg ikkje ynskje meg. Jo, forresten. Ein ting: Meir Benny Borg. Just bring it on, Benny-Benny boy!