Eg-er

Fin omtale av Eg er eg er eg er

Jorid Lekve Eide skriv så fint om Eg er eg er eg er på nettsidene til Haugesenteret. «Eg kjenner korleis det er å vera liten att. Korleis det er å vera dotter mi. Eg kjenner korleis det er å vera stor. Vera vaksen. Vera mor. Korleis det var å vera mi mor … Ei bok som gjev meg lyst til å setje time-out på hektiske kvardagar og tidsjag og alt det som eigentleg ikkje er det viktige. Den får meg til å hugse på at me ikkje må gløyme desse små og store tankane som lever i eit barneliv og i eit barnesinn. Ikkje gløyma å kjenna på det å berre vera til.» skriv ho blant anna.