Firehoda forfattartroll på besøk på Bekkestua bibliotek

27. oktober las eg på Bokprat-arrangementet på Bekkestua bibliotek. Veldig koseleg å lese på dette biblioteket
der eg er ein slags huspoet. Eg fekk vist fram alle fire bøkene eg har vore involvert i dette året: Sigd, Eg er eg er eg er, Å lytte til hakkespetter og Disse dagene, dette livet. Det resulterte i denne litt småartige biletserien.

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin