Helsing til Agnete Haaland frå Den Nationale Scene

Ferskaste Salongen-tekst frå mi hand: ei helsing til Agnete Haaland, teatersjef på Den Nationale Scene i Bergen. Det er teateret sjølv som helser.
Du kan høyre teksten her. Eller du kan lese han her:

Kjære Agnete. Dette er Den Nationale Scene som snakkar til deg! Du veit det, Agnete, at då du byrja, var det så mykje snakk om at du var den første KVINNELEGE teatersjefen her. Som om ikkje det har vore kvinner her før. Det har det jo. Haugevis av kvinner, i alle dei år. Kvinner som skriv og dramatiserer og regisserer – for ikkje å snakke om alle dei som står på scena! Ok, så har det ikkje vore nokon i din stol, men me har klart oss bra, og det var aldri slik at me gjekk kring og drøymte om at det skulle kome ei langhåra hulder med flagrande fargerike klede og frelsa oss, liksom.  

Teater har det vore sidan 1850. Og eg har stått her sidan 1905. Eg stend her, eg, seddu. I krig og i fred, i gode og vonde dagar. Og av og til har sola skine, og himmelen har vore den blåaste blå og alt har vore så vakkert at det knapt har vore til å tru. Men ganske ofte har det regna, eller det har blese, eller regna og blese. Ja, skal me vere ærlege, har det definitivt vore flest av dei dagane. Eg har måtta tåle litt av kvart, kan du tru. I blant har det nok knaka litt i grunnmuren min. Men … Eg stend her, eg, seddu, høgverdig, med nypussa messingknottar. Det veit jo du, du som trådde dine barnesko her inne. Du kom snikande i kjølvatnet av mor di, i skjørta hennar, på lette føter over golvet, nesten utan at eg merka det. Debuterte her gjorde du også, i Den store Alfredo, du var knapt vaksen. Kven er denne fagre møy som trippar på mitt golv? knirka eg då.

Åra har gått. Du er allereie i din andre periode. Jeppe på Bjerget stikk framleis innom. Ting går bra. Eg står her. Og eg har byrja venne meg til alt det raude og rosa og flagrande, som klakkar over golvet, slik at støvet ikkje rekk å leggje seg – nett det er jo bra, sidan me er nokså opptatt av godt reinhald her på huset. Det veit eg du er også. Men, Agnete, apropos reinhald, det er to ting eg lurar på: Det eine er at eg ser lyse, lange hårstrå både her og der, dei set seg i tunge gardiner og tepper og plysjkledde stolar. I alle rom, i alle krikar og krokar. Du er visst overalt, du. For eg veit kvar dei kjem frå. Dei kjem frå deg. He he he … Ja, og det andre er at det har blitt så mykje ponniar i hagen her – og fasanar – og høner – og Gud veit kva? Det blir fort litt støy og støv og skit. Eg føler meg litt tilsmussa, rett og slett. Litt popularisert. Du kom vel ikkje flagrande og smilande hit for å gjere oss om til ei slags Noahs Ark? Eit leikeland. Så, altså: Lyse hårstrå og dyr, det har det blitt litt mykje av. Elles er eg som sagt godt nøgd. Eg stend her, eg, seddu. Og eg er jo ikkje konservativ heller, ikkje i det heile. Vel, litt, kanskje. Litt gamal grå gubbe. Men du er velkomen på jobb i morgon også. Med helsing Den Nationale Scene.

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin