Hjelp, eg skal på TV

Etterkvart har eg fått ein del erfaring med å stå på scenen, lese dikt, samtale om skrivinga mi. Det skal eg sundag 18. september også. Men denne gongen skal det sendast på NRK TV – som ein del av maratonsendinga Dikt og forbannet løgn. Og jada, eg innrømmer at det er med ytterst skrekkblanda fryd eg ser fram til dette. Men det hyggeleg om nokon ser på, då. Trass alt. Og heldigvis er min barndoms diktar – Olav H. Hauge – representert i kåringa med diktet Kvardag. Det gjer jo det heile litt meir heimekjært. Heia OHH!

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin