Klar for Faltiriltu

Denne veka skal eg for første gong delta på den sagnomsuste barnebokfestivalen Faltiriltu på Stord – som har eit rikhaldig program for barn og unge – og også litt for vaksne. Eg skal lese frå Mari og Magnus-serien i to barnehagar, eg skal lese frå Eg er eg er eg er i tre skuleklassar, eg skal besøke ein fritidsklubb for funksjonshemma og eg skal samtale med Per Olav Kaldestad om det å skrive dikt for barn. Gler meg til alt i hop. Heile programmet ser du her.

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin