Lillegravenførelesinga på Litteraturhuset

Laurdag 24.9 klokka 14.00 held eg den såkalla Forfattarførelesinga på Litteraturhuset. Etter mykje grubling veit eg no  sånn nokolunde kva eg skal snakke om. Det blir nokså mykje om tid, forgjengelegheit, skog, gode vener, balansen mellom støy og stille, stemmene inni – og litt om husarbeid, Internett og anna elende. Og Olav H. Hauge har snike seg kraftig inn på slutten – utan dikt, med dagbok. Til dømes sa han dette om tid i 1971: «Alt flyt, siglar, tidi, me sjølve, tingi. Dette veit me. Og kloden rullar i rømdi. Me veit det. Og likevel. Lat oss stogga på den vesle staden der me er, sjå tingi, dyri, trei. Slik i dikt òg: halda fast på eitkvart, kor lite det er.» Fint eller? Meir i morgon! God helg!

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin