Lite utdrag frå Sigd på Youtube

Tiden Norsk Forlag har fått laga fine små videoar med haustens forfattarar. Her er eit ørlite utdrag frå prologen i Sigd, siste halvdel. Det er forfattaren sjølv som les, som det heiter.
Klippet kan du sjå her.

Og heile prologen kan du lese her:

ALL DENNE STEINEN

alt fell
i fjorden

himmelen
fjella, lyset
blått i blått
grått i grått
vått i vått
alt i alt

alt fell
i fjorden

vegen
så svingesmal
og steinstabbete

all denne steinen
som ein gong har
yngla fram

i fjøra, i kyrkjemurane
i potetåkeren

kvar kom han frå

sjølv husa er
grå kjempesteinar

og røyken frå pipene
grå, grå, grå

men så er det også
grøftegraset
risleraslelauvet
og sundagsskyene

snart hit snart dit

fram og tilbake
fram og tilbake

og under jorda spira

små grøne fingrar som
strekkjer og strekkjer seg

gjennom molda
gjennom molda

mørke modermolda

mot lyset
mot lyset

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin