Litteraturhuset i Bergen 4 år

31. januar feira Litteraturhuset i Bergen heile 4 år. Eg tok toget fram og tilbake over fjellet (biletet er teke på veg tilbake) for å vere med på feiringa – og lese.  Eg las tre dikt frå Eg er eg er eg er – og eit spesialskrive bursdagsdikt, som dei som vil kan lese under her. Eller du kan lese kva Bok 365 rapporterte frå festen.

dette huset

varmraudt utanpå

og varmraudt inni

nederst:

alle kaffikoppsamtalane

vinglasskålane, matplankane

— og den vesle bokhandelen, den

som minner om andre bokhandlarar

i andre byar, i andre land

og så alt oppover etasjane

alle lesingane

alle samtalane

alle orda

heilt frå starten av

ligg dei der

i kvart nyfødd

undrande blikk

i kvar celle og kvar

pore ligg dei, alle

orda

ord frå besteforeldre

frå oldeforeldre og

tippoldeforeldre

ord frå tiåra, hundreåra

og tusenåra før oss

ord frå viddene og steppene

og savannane

ord som stål og stein

som røter og regn

myrull og mose

ord som ein gong

blei samla og sanka og

borne heim, varsamt, som

var dei eit barn på armen

men også alle dei nye orda

ord som gløder, ord som glør

og blør

ord som viftar og vaiar

og seier: her er eg!

sjå på meg!

ord, ord, ord

ord som luggar

som klorar og bit

men også stryk og

klappar og klemmer

ord som aldri stansar

snart her – snart der

ord i rørsle, ord på flukt

ord hit og dit

ord som spring

saman med kristin og

heidi, sandra og ane og

anna, stig og øyvind og

alle dei andre, alle

frilansarane, alle

publikummaraar

og forfattarar

spring dei

opp trappene

og ned trappene

igjen og igjen

alle desse orda

alle desse stega

all denne tida

alle dagane, vekene

månadane og åra, alt dette

som hektar seg i kvarandre

nesten utan at me merkar det

— til det har gått 4 år, 48 timar

1460 dagar, 35 040 timar

2 102 400 minutt og

omtrent like mange

trappetrinn

alle orda som stuper kråke

mellom etasjane

med kristin i andpustent firsprang

med sissel som kjeftar ut vindauget

med bergsvåg og holmås som

karlsson på taket

med foreldreråd, middelklassehelvete

og lillelørdag

alle desse orda

alle desse stega

all denne tida

og enno —

har det berre

så vidt byrja

IMG_2517-2