19. november deltek eg på Kritikarsalong i Fredrikstad saman med litteraturkritikar Berhard Ellefsen og forfattar og kritikar Tom Egeland. Me skal diskutere tre høgst ulike bøker: Liv Køltzows «Melding til alle reisende», Svetlana Aleksijevitsjs «Kister av sink – Sovjetiske stemmer fra krigen i Afghanistan» og Petter Stordalens «Jeg skal fortelle deg min hemmelighet». Dette blir spennande!
Dagen etter 13/11
I dag tenkjer eg på mødre og fedre i ein skadeskoten by ikkje så langt herfrå, og på kor takksam eg over å bu i ein fredeleg skogkant. Men også på at ingen kan beskytte barna sine fullt og heilt, ikkje i Lommedalen, ikkje i Oslo, ikkje i Paris – og slett ikkje i Syria. … Read More
Årets siste reis for Soga om Seselja
Her ser de Soga om Seselja-gjengen, lydteknikar Jorunn Børve Eriksen, Tuva Syvertsen, Ruth Lillegraven og Rannveig Djønne på ei ferje på veg mellom Flåm og Fjaler – og årets to siste Seselja-konsertar. Vonleg får Seselja lufta seg litt i 2016 også – men no ventar lang vinterferie.
Staseleg oppdrag i Sandefjord
Sundag 8. november hadde eg – saman med Øyvind Rimbereid, Håvard Rem, Margaret Skjelbreid, Levi Henriksen og Alf Kjetil Walgermo – æra av å lese i vakre Sandefjord kirke, til nydeleg musikk av fantastiske Tore Brunborg og Tord Gustavsen. Arrangementet var ein del av Litteraturuka i Vestfold.
Tiller på teater
Kven er redd er det første teaterstykket Carl Frode Tiller har skrive frå grunnen av. Oppsetninga har fått strålande kritikkar. Vel fortent, tenkjer eg – sjølv utan å ha sett stykket endå. Eg las nemleg manuset allereie i vår, og det var så bra, så bra. Her kan du lese intervjuet eg då laga med … Read More
Litteratursymposiet i Odda
Litteratursymposiet i Odda i Odda er nesten på heimebane for meg – og i år er «heim» temaet. Avslutningsdagen blir det Soga om Seselja i Ullensvang kyrkje. Men først skal eg intervjue Simon Stranger om Det som en gang var jord, vere konferansier på festkvelden og intervjue Erlend Loe om Slutten på verden slik vi kjenner den. Mykje å lese … Read More
Nominert til Bjørg Vik-prisen
2. oktober er eg invitert til Porsgrunn på dei første Bjørg Vik-dagane nokongong. Ekstra stas at eg saman med Pedro Carmona Alvarez, Laila Stien, Torgeir Rebolledo Pedersen og Ingvild Rishøi er nominert til den første Bjørg Vik-prisen. Biletet er frå ein tidlegare samtale med Per Erik Andersen – ein av intitiativtakarane til Bjørg Vik-dagane og … Read More
Maja Lundes biebok summar vidare
Maja Lunde si første vaksenbok, Bienes historie, er ikkje berre kritikarrost og bestseljande. Ho fekk meg også til å sjå naturen kring meg på ein ny måte. Korleis? Det kan du lese om i min omtale av Bienes historie for Bokklubben. Eg gler meg til å samtale med Maja og med Tiril Broch Aakre om bøkene deira på Litteraturhuset … Read More
Hausten er her
Hausten er her. Det er ingen tvil lenger. På bølgeblekktaket utanfor kontoret mitt i den gamle skulebygningen på Bærums verk trommar det godt.