nrk-p2-salongen

Nytt Salongen-dikt

Her kan du høyre mitt nye Salongen-dikt, om våren – eller du kan lese det her:

vi ser det no

ser at det er
noko på gang

noko som ikkje
vil vente lenger

ikkje la seg
trykkje ned eller
dekkje over

noko som vil opp
og fram

opp gjennom
gamal snø og
ny mold

opp gjennom asfalt
grus og gras frå i fjor

det er våren som kjem

visst er det våren
som kjem

våren med alt lyset som
varmar og trøystar

lyset som også kan
vere så sylande skarpt

som syner skit og lort
på bilruta og glasruta
og i hjartet

ai, ai, ai
så svart og så skite
og så smussete

ai, ai, ai
så mykje rot
i krikar og krokar
kjellar og loft, alt dette
vi alltid skyv unna, utset
avskriv, nedskriv

bilane, boblejakkene
og barnevognene
alt er møkkete
og grått

men så kjem
sommarhjula
og syklane ut

badmintonsetta
hagestolane og
grillane

nervetrådane
og hjarta

så er trampolinane
atter fulle av ungar

ungar som hoppar
opp og ned og hit og dit
som kvin av fryd og av
våren, av våren

ballar som sprett

syklar som sjanglar

ja, og hjarta

alt dette som
sjanglar og sprett
sjanglar og sprett

hendene som klappar
og føtene som hoppar

det er verkeleg
våren som kjem

kven skulle trudd det
– i mørkaste, kaldaste
mest knitrande — at
våren skulle kome

med løfte om hår og
hud og hender, sol og
salt og sjø, fryd og
gaman

ja, alt som godt er —

men også alt
som kan bli knust
så lett som berre det

så lett som skorpa
på nattgamal is i mars

ai ai, dette er våren
vår vår

han let seg ikkje fange
men han kan levast
og andast

så ta han inn
ta han inn no