Omtale av «Alt er mitt»

I samband med utgjevinga av «Alt er mitt» har fleire aviser intervjua meg. Eit par av intervjua ligg ute, mellom anna det i Budstikka og i Dagsavisen.

Dessutan har både VG og Dagbladet anmeldt boka.  «Troverdig og sjangertro psykologisk thriller fra en krimdebutant som har potensial til å slå an hos mange lesere» skreiv bokmeldar Elin Brend Bjørhei om «Alt er mitt» i VG (sjølv om ho også har nokre innvendingar), og meir kan ein jo eigentleg ikkje ønske seg. Her kan du lese kva Ingvar Ambjørnsen i Dagbladet skriv. Håpar mange vil lese og gjere seg opp si eiga meining!

Biletet er frå morgonen 24.9 – då eg var i studio på NRK Marienlyst for å vere med på NRK Hordalands morgonsending – som det ikkje ligg lenke til her, då eg rett og slett ikkje finn den på nett.

This post is also available in: English

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin