og sjå!
gule lauv ligg og lyser på bakken

det er gullmyntar
som hausten har
strøydd ut
Frå Skogen den grøne, 2018,
at sigden og ljåen

molda og vatnet
himmelen og elden

alt dette skal
vere mitt

alt dette skal
vere eg
Frå Sigd, 2016, FORFATTAR RUTH LILLEGRAVEN
rim, seier mamma
frost, seier pappa

stjernestøv
spør du meg
Frå Eg er eg er eg er, 2016, FORFATTAR RUTH LILLEGRAVEN
TEATER BØKER FORFATTAR RUTH LILLEGRAVEN BØKER TEATER
POSTAR FRÅ INSTAGRAM
NYHENDE

Juledikt på TVen

Kyrkjegard, julekveld, igjen og igjen er eit dikt eg har skrive til det vakre juleheftet Juleroser, med Herborg Kråkevik som redaktør. Her kan du høyre meg lese diktet …

Vossa jazz sin julekalender – luke 8

Soga om Seselja kjem til Vossa Jazz 2016. Dette er førebels einaste planlagde Seselja-konsert neste år. Og eg har fått eit ekstra oppdrag. Les meir …

Gratulerer, prisvinnar Maja Lunde

Maja Lunde fekk for litt sidan vel fortent Bokhandlarpris for Bienes historie – ei bok som gjorde stort inntrykk på meg då eg las henne i sommar. …

BØKER
TEATER

Sorry, we couldn't find any posts. Please try a different search.

ARRANGEMENT

Beklager, vi kunne ikkje finne innhaldet. Prøve gjerne eit anna søk.

TEATER

Sorry, we couldn't find any posts. Please try a different search.

Forfattar Ruth Lillegraven

Født 21.10.1978

Ruth Lillegraven kjem frå Granvin i Hardanger, og bur no i Lommedalen i Bærum. Ho debuterte med diktsamlinga Store stygge dikt i 2005 og har seinare gitt ut til saman fem eigne bøker for vaksne og fem bøker for barn.

PRISAR
2012: Sokneprest Alfred Andersson-Rysst fond
2013: Brageprisen
2013: Bokbloggerprisen
2016: Nominert til Brageprisen 2016 for beste barne- og ungdomsbok