gule lauv ligg og lyser på bakken
det er gullmyntar
som hausten har
strøydd ut
molda og vatnet
himmelen og elden
alt dette skal
vere mitt
alt dette skal
vere eg
frost, seier pappa
stjernestøv
spør du meg
POSTAR FRÅ INSTAGRAM
NYHENDE
Firehoda forfattartroll på besøk på Bekkestua bibliotek
27. oktober las eg på Bokprat-arrangementet på Bekkestua bibliotek. Veldig koseleg å lese på dette biblioteket der eg er ein slags huspoet. Eg fekk vist fram alle fire bøkene eg har vore involvert i dette året: Sigd, Eg er eg er eg er, Å lytte til hakkespetter og Disse dagene, dette livet. …
Ruth Lillegraven
28. oktober 2016
Disse dagene, dette livet i VGs poesi-podcast
VG har laga poesi-podcast! Høyr den her. Tordis Ørjasæter og eg pratar om diktantologien vår «Disse dagane, dette livet». Ellen Wisløff fortel om Ren poesi. Og VGs diktmeldar Arne Hugo Stølan løftar fram fem nye diktsamlingar av året (blant anna Sigd). Programleiar er VGs Camilla Norli.
Ruth Lillegraven
28. oktober 2016
BØKER
Sorry, we couldn't find any posts. Please try a different search.
TEATER
Forfattar Ruth Lillegraven
Ruth Lillegraven (født 1978) kjem frå Granvin i Hardanger, og bur no i Lommedalen i Bærum. Ho debuterte med diktsamlinga Store stygge dikt i 2005 og har seinare gitt ut til saman ni eigne bøker for vaksne og fem bøker for barn.
Kontakt:
Prisar
2018:
Maurits Hansen-prisen Nytt blod for Alt er mitt2016
Nynorsk Litteraturpris for Sigd2013:
Bokbloggerprisen for Urd2013:
Brageprisen for Urd2012:
Sokneprest Alfred Andersson-Rysst fond