gule lauv ligg og lyser på bakken
det er gullmyntar
som hausten har
strøydd ut
molda og vatnet
himmelen og elden
alt dette skal
vere mitt
alt dette skal
vere eg
frost, seier pappa
stjernestøv
spør du meg
POSTAR FRÅ INSTAGRAM
NYHENDE
Vossa jazz sin julekalender – luke 8
Soga om Seselja kjem til Vossa Jazz 2016. Dette er førebels einaste planlagde Seselja-konsert neste år. Og eg har fått eit ekstra oppdrag. Les meir på Vossa jazz sin julekalender – der me er luke 8.
Ruth Lillegraven
8. desember 2015
«Mor mi» framført i Hamburg
Duoen Djønne&Børsheim syng og spelar her Mor mi i Hamburg, på avslutninga av Tysklandsturneen deira nylig. Nydeleg melodi av Rannveig Djønne. Teksten er henta frå mi bok Urd og bearbeida til den poetiske konserten Soga om Seselja. Og no finn den altså nye stemmer og scener. Stas!
Ruth Lillegraven
30. november 2015
BØKER
Sorry, we couldn't find any posts. Please try a different search.
TEATER
Forfattar Ruth Lillegraven
Ruth Lillegraven (født 1978) kjem frå Granvin i Hardanger, og bur no i Lommedalen i Bærum. Ho debuterte med diktsamlinga Store stygge dikt i 2005 og har seinare gitt ut til saman ni eigne bøker for vaksne og fem bøker for barn.
Kontakt:
Prisar
2018:
Maurits Hansen-prisen Nytt blod for Alt er mitt2016
Nynorsk Litteraturpris for Sigd2013:
Bokbloggerprisen for Urd2013:
Brageprisen for Urd2012:
Sokneprest Alfred Andersson-Rysst fond